Etter å ha vorte helsa velkomen av styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden fekk statsministeren ei kort omvising i Førde BUPs del av Dagabygget. Han vart også orientert om drifta i psykiatrisk klinikk og barne- og ungdomspsykiatrien i i Helse Førde. Gahr Støre gav klart inntrykk av å vere imponert over det halvtanna år gamle bygget.
Deretter møtte han 17 år gamle Halvor Strømsli og mor hans Ingunn-Nina som fortalde om deira erfaringar med behandlingstilbodet i barne- og ungsomspsykiatrien i Helse Førde. I etterkant av møtet gav statsministeren uttrykk for at det er viktig å snakke om, og vere meir open om, unges psykiske helse.
- Tilbodet til unge menneske innanfor psykisk helse opptek oss, sa statsministeren.
Etterpå var det møte med tilsette i Førde BUP samt tillitsvalde, før Støre møtte media utanfor Dagabygget der NRK, Firda, TV2 og Dagbladet fekk høve til å stille spørsmål.

Velkomst: Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden tok i mot statsministeren.

Klar for omvising: Frå venstre: Hildegunn Knapstad Fauske, Børge Tvedt, Arve Varden og Jonas Gahr Støre.

Møte 1: Statsministeren gav seg god tid i møtet med Halvor Strømsli og mor Ingunn-Nina Strømsli (lengst til venstre). Elles på bildet er stortingsrepresentant Torbjørn Vereide, behandlar Toril Taklo og kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Brandal Myklebust frå statsministerens kontor.

Møte 2: Gahr Støre i samtale med tilsette i Førde BUP og tillitsvalde.
