Marius tok ein turnè på den andre sida

Helse Førde sin urolog Marius Dalin nytta overlegepermisjonen i vår til blant anna å turnere kommunane for å sjå korleis kvardagen er i helsetenesta der, snakke om spesialiteten urologi og korleis nivåa i helsetenesta kan samarbeide endå betre.

- Eg har faktisk aldri tidlegare høyrt om at nokon har gjort tilsvarande. Det vart hyggelege og lærerike møte for begge partar, seier 54-årige Dalin.  
Dalin.JPG

 
I lang tid har Dalin tenkt at det kunne vore kjekt å få betre innsyn i arbeidssituasjonen og kompetansen som finst ute i kommunane, og at både aktørar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta kunne ha utbyte av å møtast for å utveksle erfaringar og kunnskap. 

- Dette viste seg å stemme. Møta vart i alle fall lærerike for min del, seier han. – Det er jo i stor grad kommunehelsetenesta som sorterer og prioriterer pasientar vidare inn i spesialisthelsetenesta. 

Turnèen gjekk føre seg i mai og juni, og med hjelp  frå praksiskonsulent Normund Svoen fekk han avklara med smittevernansvarlege i kommunane korleis dette kunne bli mogeleg midt i pandemien. Og det vart mogeleg. På førehand kom kommunane med tilbakemeldingar på kva tema dei ønskte at vart tatt opp, slik at Dalin kunne bu seg på dette. Han hadde også med seg ei liste med tema innan spesialiteten sin, urologi. 

- Det vart sjølvsagt litt annleis enn planlagt. Men saman justerte vi oss slik at innhaldet samsvarte best mogeleg med dei ønska og behova som kommunane hadde. For min del var det viktig med dialog, og det var ikkje snakk om einvegskommunikasjon ut frå ein PowerPoint-presentasjon.
Dei han møtte på turane var hovudsakleg kommunelegar, helsesjukepleiarar og heimesjukepleiarar. 

- God dialog er aldri feil. Eg vil oppmode kollegane mine på sjukehuset om å ta liknande initativ, dersom dei får høve til det, seier Marius Dalin.