Thue (55) har lang fartstid i helseføretaket gjennom to periodar. Frå 1996 til 2009 hadde ho ulike leiarroller i Helse Førde, og i 2016 var ho tilbake i føretaket – denne gongen som leiar for ortopedisk avdeling og stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Etterkvart fekk ho også jobben som samhandlingssjef, ein funksjon ho no deler med kollega Tone Holvik som er stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus.
Thue ønskjer ikkje å seie så mykje om årsaka til at ho vel å gje seg i Helse Førde, ut over at det er ei totalvurdering som ligg bak avgjerda.
Etter nyttår startar Margun Thue i ny jobb som seniorrådgjevar i eit privat konsulentfirma i Oslo.