Stillinga har det siste halvåret vore dekka gjennom ei mellombels konstituering, men administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har heile tida vore klar på at også Nordfjord sjukehus skal ha eigen stadleg leiar.
- No er målet å få på plass dette, seier Varden. - Vi håpar med dette å trekke til oss gode kandidatar, slik at vi får ei stabil og mest mogeleg permanent løysing på denne funksjonen.
Søknadsfristen er sett til 14. mai 2023.
- Vi håpar å ha tilsett ein ny stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus innan fellesferien, seier administrerande direktør Arve Varden.