Lyser ut anbod på pasientreiser

I oktober legg Helse Førde ut sitt største anbod på pasientreiser nokon gong i Sogn og Fjordane. Anbodet omfattar dei aller fleste kommunane i fylket.

Vidar Øvrebø sept. 2019 I.JPG

- Årsaka til at dette kjem no er tredelt. Det har å gjere med dei føreståande kommunesamanslåingane, avtalar som er i ferd med å gå ut og at vi manglar avtalar  i nokre kommunar, opplyser avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde, Vidar Øvrebø (bildet).

Nye kommunar

Sogn og Fjordane får fire nye kommunar. Stad kommune vil omfatte Eid og Selje samt bygdelaga Bryggja og Totland i noverande Vågsøy. Flora og Vågsøy utgjer Kinn kommune. Sunnfjord kommune blir sett saman av Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Og i Indre Sogn går Balestrand, Leikanger og Sogndal saman i Sogndal kommune.

- Avtalane vi har i desse områda må endrast fordi dei eksisterande avtalane er basert på kommunegrenser som no forsvinn, seier Øvrebø.
I tillegg vil anbodet omfatte Solund, Lærdal, Årdal og Høyanger fordi eksisterande avtaleperiode går ut. I tillegg manglar det avtalar om pasientreiser i Fjaler, Hyllestad og Aurland. Det same gjeld også Jølster og Naustdal, men desse to kommunane inngår i nye Sunnfjord kommune.

Store endringar

- Dette kjem til å gje store endringar i heile fylket. Vi arbeider hardt for å få så gode løysingar som råd for innbyggjarane våre, og håpar å ha nye avtalar på plass frå 1. januar 2020. Det er likevel grunn til å understreke at Pasientreiser ikkje har plikt til å få på plass avtaler. Vi kan ikkje garantere tilbod om kommunal køyring i alle område, om vi ikkje får tilbod vi kan godkjenne.

Det er ulike årsaker til at det no er fleire kommunar utan avtaler. I nokre tilfelle har transportørar sagt opp avtalane med Pasientreiser, og i ein kommune gjekk drosjeeigaren konkurs.

- Det er beklageleg at vi ikkje har avtalar som omfattar heile fylket, men dette håpar vi å få retta på gjennom anbodsutlysinga, seier Øvrebø.

Reglane

Pasientane har etter pasientreiseforskrifta rett til å få dekka reise til og frå behandlar etter standardsats. Det må betalast eigendel dersom pasienten ikkje har frikort. Hovudregelen er at pasienten organiserer og gjennomfører reisa til og frå behandling på eiga hand, for så å søkje refusjon i etterkant. Dei kan anten søkje refusjon på nettsidene til www.helsenorge.no eller på papirskjema som skal vere tilgjengeleg hos alle behandlarar.

Pasientar som av helsemessige årsaker ikkje er i stand til å nytte rutegåande transport eller privatbil for reiser ut av eigen kommune, kan få rekvisisjon for tilrettelagt transport frå sin behandlar. Pasientreiser vil då bestille transport med transportør Helse Førde har avtale med.

- Når det gjeld turar utover kommunegrensene, ordnar Pasientreiser dette med å bruke andre transportørar frå nærliggande område. Vi vil ta imot tingingar på interkommunale reiser til spesialisthelsetenesta som før. På slike turar skal ikkje pasientane merke noko skilnad.