HELSENORGE

Livabygget røyser seg

Etter ein haust med grunnarbeid i tomta til det nye sjukehusbygget, Livabygget, startar no sjølve bygginga. Utover nyåret kjem område til å endre seg raskt, og i løpet av våren blir nybygget godt synleg frå vest.

2021-12-09_Livatomta sett frå vest_3044.jpg

Utover nyåret vil dette område endre seg mykje. Når ein startar å røyse dei første berande søylene vil dei rage over 12 meter opp og utgjere dei tre lågaste etasjane.

Bygget blir sett saman av prefabrikerte stål- og betongelement. Allereie måndag 13. desember kjem dei første elementa som markerer at framover no blir bygget røyst. Farten i arbeidet er høg. I framdrifta er det lagt opp til å røyse berande søyler for tre og tre etasjar om gongen, til saman åtte etasjar + kjellar. Entreprenør vil bruke om lag 12 veker per tre etasjar og tett tak er forventa tidleg i oktober 2022.

- Når skalet på Livabygget røyser seg, får vi ei heilt ny oppleving av kva dette bygget kjem til å bli. Fram til no har det vore teikningar vi har halde oss til, no blir bygget meir konkret. Det er gledeleg å vite at vi er i rute med byggarbeidet og at det omfattande utviklings- og planleggingsarbeidet som er lagt ned gir resultat, seier adm. direktør Arve Varden. 

Koplinga mellom nytt og gamalt

Arbeidet med å klargjere høgblokka for å kople saman dei to bygga har òg starta. Dei største ombygginga blir i kjellaren og oppover til og med andre etasje. Ombyggingsarbeidet er allereie merkbart med byggestøy, avstengde korridorar og tenester som er på flyttefot. Dei største ombyggingane skjer no og fram til Livabygget er ferdig i 2024. 

Det nye navet i sjukehuset blir området der heisane er i dag. Heisane blir også hovudtransportåra til det nye bygget. Den rette korridoren frå dagens hovudinngang vil halde fram gjennom Livabygget og ut til Dagabygget, vist enkelt i illustrasjonen under. 

2021-12-09_Inngang frå Svanabygget_nordic.jpg

Illustrasjon av korridor frå Svanabygget, gjennom det nye Livabygget og fram til Dagaygget.

​Fø​lg med på byggekamera

På Helse-forde.no er det ein lenke til  byggekameraet vårt. Kameraet tek bilde kvart 10 minutt 24/7 og her kan ein følgje framgangen i byggeprosjektet. ​Følg denne lenka:

https://helse-forde.no/om-oss/nye-forde-sjukehus/byggekamera​