Lærdal sjukehus tilbyr undersøkingar med ultralyd

Helse Førde og kommunar i Indre Sogn går saman om å kjøpe nytt ultralydutstyr til Lærdal sjukehus. Mange av dei gravide, som før måtte reise til Førde eller Voss, vil i løpet av året få tilbod om ultralydundersøkingar ved lokalsjukehuset.

Lærdal ultralyd.jpg

ULTRALYDUTSTYR TIL LÆRDAL: Gravide frå Indre Sogn som før måtte reise til Førde eller Voss vil mot slutten av året kunne få gjort undersøkingar med ultralyd i Lærdal. Frå venstre: Jan Geir Solheim, Arild Ingar Lægreid, Arve Varden og Jon Håkon Odd.                                                  Foto: Karina Nerland   

Ultralydapparatet skal nyttast av ultralydjordmor til rutineundersøking i svangerskapsveke 18, ei undersøking alle gravide får tilbod om. Det blir undersøkt tal foster, dei viktigaste organa og morkaka. I tillegg blir det sett dato for termin.

Undersøkinga er viktig for å kartleggje risikofaktorar i svangerskapet og gjer det mogeleg å planlegge vidare oppfølging av svangerskapet. Der det er kjende risikofaktorar, må kvinnene framleis få utført undersøkinga hos gynekolog ved Førde sentralsjukehuset eller regionsjukehuset.

Tett samarbeid

- Vi legg opp til eit tett samarbeid mellom sjukehuset i Lærdal og gynekologane ved fødeavdelinga i Førde for å få gjort undersøkingane, seier administrerande direktør Arve Varden.

Sogn regionråd har arbeidd for å få etablert eit tilbod om ultralydundersøkingar ved Lærdal sjukehus. Helse Førde har stilt seg positive til å etablere tenesta, men har prioritert andre pasientgrupper der lange reiser også vert opplevd som belastande. 

Etter at regionrådet kom med tilbod om å vere med å finansiere utstyrskjøpet, takka Helse Førde ja til å kjøpe ein type utstyr som også kan nyttast til andre grupper enn gravide. Døme på dette er anestesilege og gynekologar i samband med ambulerande poliklinikk innan gynekologi. 

I løpet av 2019

Fleire kommunar i Indre Sogn har vedteke å løyve midlar til ultralydapparatet. Noko tilleggsutstyr vil komme utanom. Toppfinansieringa på omlag 100 000 kroner har mangla. På eit møte før palmehelga med ordførarane Jan Geir Solheim, Arild Ingar Lægreid og Jon Håkon Odd, gjorde Arve Varden det klart at Helse Førde tek denne kostnaden. Totalkostnaden vert truleg over 650.000 kroner.

Utstyret må kjøpast gjennom offentleg anbod. Varden håpar å ha utstyret på plass i løpet av 2019.

- Vi ser at det er ein fordel for dei gravide i Indre Sogn at dei kan få dette tilbodet ved Lærdal sjukehus. Tilbodet vil vere knytta til God start-eininga, vi er trygge på at kvinnene vil nytte tilbodet når det er på plass, seier han.