Lærdal sjukehus i normal drift

Lærdal sjukehus er frå torsdag ettermiddag tilbake i normal drift.

Det var i samband med skifte av hovudstraumtavle ved sjukehuset måndag kveld at det blei vanskar med straumtilførselen. Nokre pasientar blei overførte eller lagt inn ved sjukehusa i Førde og på Voss.

- Vi har ikkje kunnskap om uheldige hendingar knytt til oppgraderinga av nytt hovedstraumskap, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.

Det vil i løpet av kvelden bli gjennomført ein ny test av straumforsyninga, men testar i ettermiddag syner at denne fungerer greitt.

Det er framleis vanskar med den eine av dei to heisane ved lokalsjukehuset. Den nyaste og minste fungerer, og det er etablert prosedyre for å bruke denne ved akuttfunksjonar. Den eldre større heisen skal reparerast måndag.

- Svært mange har gjort ein stor innsats for å få dette til. Det gjeld både tilsette ved sjukehusa i Lærdal og Førde samt elektrofirmaet som har stått for arbeidet, seier Øen. Han rettar ein stor takk til alle som har stått på desse dagane.

Legevaktsentralen informerer gjennom ettermiddagen vaktlegane om at Lærdal sjukehus er i ordinær drift.