Legg opp til budsjettoverskot på 15 millionar

Helse Førde legg opp til å gå med 15 millionar i overskot neste år. Dette er i tråd med kravet frå eigaren, Helse Vest RHF.

​Økonomidirektør Halfdan Brandtzæg seier budsjettarbeidet har vore vanskeleg i år.

- Utfordringane har vore særleg store i dei somatiske klinikkane. I budsjettet ligg det innsparingskrav på rett i overkant av 20 millionar kroner, men fleire av dei skisserte tiltaka er enno ikkje konkretiserte. Vi legg også opp til å utsetje ein del investeringar, seier Brandtzæg.

Færre pasientar

Arbeidet med tenesteutvikling i programmet «Pasientens helseteneste» og planane for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus har stått sentralt i budsjettarbeidet.

Helse Førde har i år behandla færre pasientar enn i 2015.

- Det er sjølvsagt positivt at folk held seg friske. Men utviklinga har komme uventa, og gjer det vanskeleg å planleggje aktiviteten for neste år. I budsjettet for 2017 legg vi opp til å vidareføre årets aktivitetsnivå, seier økonomidirektøren.

Momsendring

Budsjettet som styret skal vedta fredag, har ei kostnadsramme på 2,7 milliardar kroner. Dette er noko lågare enn i fjor. Hovudårsaka er kutt i basisløyvinga som følgje av at det frå årsskiftet blir innført ei kompensasjonsordning for meirverdiavgift.

Tidlegare har ikkje sjukehusa fått kompensasjon for momsen som er betalt. Det har gjort det meir lønsamt å utføre oppgåver med eigne tilsette, eller gjennom regionale og nasjonale føretak, i staden for å kjøpe tenester av private. Dette endrar seg med den nye ordninga.

Investeringar

Styret skal også handsame investeringsbudsjettet. Her blir det sett av 58 millionar kroner til nye Bygg aust som er under oppføring ved Førde sentralsjukehus. Det blir vidare lagt opp til å bruke 23 millionar på medisinskteknisk utstyr neste år. Samla skal føretaket investere for 113,7 millionar kroner i 2017.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​