Kvinnehelse, omsorg for barn og unge er sterke berøringspunkt mellom Helse Førde og arbeidet som sanitetskvinnene engasjerer seg i lokalt og nasjonalt. NKS har lange tradisjonar i vår region, og har i det siste gjort seg synlege og aktuelle med eit tydeleg engasjement rundt kravet om meir forsking på typiske helseproblem som berre råkar kvinner.

Anne Marie Strømsøy og statsminister Erna Solberg legg ned grunnstein for Livabygget.
- Vi er så glade for å få vere med på å markere starten av bygginga av Livabygget på sjukehuset i Førde. Livabygget vil styrke tilbodet til mor og barn, noko vi Sanitetskvinner set høgt, seier fylkesleiar for NKS Vestland Nord, Anne Marie Strømsøy.
Livabygget godt nytt for kvinner og barn
Helse Førde har lagt vekt på å prioritere opp kvinner og barn i nybygget. Kvinneklinikken kjem med fire nye fødestover, ein ny sengepost for føde- og barselomsorg og ei ny avdeling for barn. Spesielt for mor og barn vil einerom utgjere ein stor skilnad den tida dei er på sjukehuset.
I dag er kvart av romma innretta for fire mødrer, fire barn og fire fedrar - med alle dei avgrensingane dette legg på foreldra og det nyfødde barnet. På einerom i det nye bygget vil foreldre og barn kunne vere ein familie på ein heilt anna måte enn i dag.
Norske Kvinners Sanitetsforening har gjennom heile si historie vore opptekne av helsa til mor og barn. Heilt frå dei etablerte helsestasjon for mor og barn i 1914 og fram til i dag, har eit godt føde- og barseltilbod vore ein av deira hovudsaker.
Arbeidet for eit likestilt samfunn med like mogelegheiter og rettar for alle er òg viktig for sanitetskvinnene. Helse, meiner dei, er grunnleggande for likestilling. Studiar viser at det manglar kunnskap om kvinnehelsa, og at det blir forska meir på menn. Sanitetskvinnene bidreg med over 25 millionar årleg til forsking på kvinner si helse for slik å sikre likeverdige helsetenester for alle.
Jubileumsår
Det er også slik at Norske Kvinner Sanitetsforening fyller 125 år dette året, og det i seg sjølv er ein god grunn til å anerkjenne arbeidet deira.
Fylkesleiar i Norske Kvinner Sanitetsforening Vestland – Nord, Anne Marie Strømsøy, vil legge ned grunnsteinen saman med statsministeren. Generalsekretær for Norske Kvinners Sanitetsforening, Grete Herlofson, vil også vere til stades.
Kontaktinformasjon til fylkesleiar i Norske Kvinner Sanitetsforening Vestland – Nord:
Anne Marie Strømsøy
Mobil: 905 14 064
E-post: anne.marie.stromsoy@enivest.net.