Lavik-ambulansen skal utgreiast vidare

Styret i Helse Førde her vedteke at endringane som gjeld ambulansestasjonen i Lavik skal greiast ut vidare. I Ytre Bremanger skal Helse Førde arbeide for ei løysing i samarbeid med kommunen.

​I Lavik skal det vurderast alternative modellar til døgnambulansen som er der i dag. Avgjerda om Bremangerlandet inneber i praksis at døgnbilen blir ein einmannsbetent ambulanseressurs, der Helse Førde stiller med ambulansearbeidar og fullt utstyrt bil og kommunen står for hjelpemann.

Styret i vedtok fredag planen for dei prehospitale tenestene i Helse Førde. I vedtaket ligg også flytting av ein dagbil frå Luster til Sogndal, i første omgang gjennomført som ein tolv månaders prøveperiode.

Du kan lese styresaka og sjølve planen her.

Stort engasjement

Frå styret blei det gitt ros for at føretaket har arbeidd fram ein svært grundig plan.

- Det har vore gjort eit forbilledleg arbeid, sa styreleiar Agnes Landstad.
Det har heile vegen vore stort engasjement rundt ambulanseplanen. Det kom innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar, og innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider. 

- Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, meiner administrerande direktør Arve Varden.

Det opphavelege forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik møtte aller sterkaste motstanden i høyringsrunden, særleg frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord. Men styret har no slått fast at ein skal ytterlegare greie ut endringane og vurdere alternative modellar.

Innføringsplan

I vedtaket kjem det også fram at Helse Førde skal vurdere konsekvensane for det prehospitale området av at Hornindal kommune frå nyttår vart slegen saman med Volda. Dette inneber at innbyggjarane i Hornindal no høyrer til Helse Møre og Romsdal, og ikkje lenger er i ansvarsområdet til Helse Førde.

Utgreiinga om Hornindal skal tilbake som sak i styret. Det same skal løysingane for Lavik og Ytre Bremanger.

I planen legg ei rekkje tiltak, og no startar arbeidet med å utarbeide ein eigen innføringsplan. Styret var oppteken av at det ikkje må setjast i verk kostnadsdrivande endringar før det er fatta vedtak om Lavik, Ytre Bremanger og Hornindal. Planen skal jamleg evaluerast saman med utviklingsplanen for Helse Førde.