La vekk sak om dødsfall

Statsadvokaten har lagt vekk saka der ein mann døydde etter å ha køyrt utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus med rullestol.

I avgjerda skriv statsadvokaten at ingen enkeltpersonar i vesentleg grad kan klandrast for måten dei har utført arbeidet sitt på.

« Det foreligger dermed ikke noen uaktsomhet fra enkeltpersoner som kan få strafferettslig betydning», heiter det.

Når det gjeld føretaket støttar påtalemakta seg på Fylkesmannen som meiner Helse Førde braut plikta til å yte forsvarleg helsehjelp. Statsadvokaten har likevel komme til at summen av feil som helseføretaket er ansvarlege for, ikkje utgjer eit så markant avvik frå forsvarleg helseverksemd at føretaket bør straffast.

«De feil og mangler som heftet ved driften forutsettes tatt tak i og utbedret av helsforetaket på eget initiativ og med kontroll fra tilsynsorganer, men anses ikke sterkt klanderverdige. Etter dette krever ikke allmenne hensyn offentlig påtale og at helseforetaket straffes», konkluderer statsadvokaten.

Det var i januar i fjor at mannen vart innlagt på medisinsk sengepost i åttande etasje på sjukehuset. Helsepersonellet vurderte at pasienten hadde auka fallrisiko, og han fekk nytte rullestol på avdelinga. Det var ingen vitne som såg sjølve hendinga.

Helse Førde utarbeidde i etterkant av ulukka ein hendingsanalyse med moglege årsaker til ulukka og ein plan for oppfølging.

Helse Førde blei informert om avgjerda til statsadvokaten rett før helga.