Kvalitetsprisen gjekk til rusbehandlar

Pasientane først. Dette er det kloke mantraet til årets vinnar av Kvalitetsprisen i Helse Førde, Arild Nøstdal.

Juryen for Kvalitetsprisen fekk i år inn fem forslag til verdige kandidatar. To av kandidatane blei føreslegne to gonger. Årets vinnar var også nominert til prisen både i 2015, 2017 og 2018. Prisen vart delt ut 17. oktober av administrerande direktør Arve Varden under Kvalitetskonferansen i Førdehuset.

Og vinnaren er .... seksjonsleiar Arild Krogh Nøstdal.
- Prisen er til stor glede, og dette er stor inspirasjon i det vidare arbeidet vårt, sa ein overraska prisvinnar til dei omlag 320 deltakarane på konferansen i Førdehuset, uvitande om heideren heilt fram til prisutdelinga.
Arild Nøstdal har vore tilsett ved Nordfjord psykiatrisenter sidan 2009. I 2012 vart han tilsett som seksjonsleiar for den nye rusposten på Nordfjord psykiatrisenter – Helse Førde sitt fylkesdekkande tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Dette tilbodet har han leia oppbygginga av med stø hand.
Arild sitt mantra er pasientane først.

IMG_1292[1].JPG

FEIT SJEKK, KUNST OG BLOMSTER: Arild Nøstdal vart tildelt Kvalitetsprisen 2018 for det framifrå arbeidet han har gjort ved Nordfjord psykiatrisenter gjennom fleire år. Her flankert av administrerande direktør Arve Varden og fagdirektør Kristine Brix Longfellow.

Systematisk forbetringsarbeid
Vinnaren har arbeidd systematisk med forbetring av kvaliteten på tenestene til pasientar med rusvanskar sidan han starta som seksjonsleiar i 2012. Han har vore oppteken av å gje pasientane individuelt tilpassa behandling og større makt i behandlinga. Han brukar samval i praksis.

Dei viktigaste grepa han har gjort:
• Han har systematisk arbeidd med å få til samanhengande pasientforløp der pasientane no får samanhengande tenester i staden for oppstykka behandlingssekvensar.
• Han involverer konsekvent brukarane som ein likeverdig part i utviklinga av tenestene.
• Han har teke i bruk Idèsmia, eit likeverdig trepartssamarbeid  mellom pasientar, tilsette og leiinga av posten, der både leiing og tilsette må avgje makt til pasientane. Her vert det arbeidd med samproduksjon av tenesteutvikling.
• Brukarane har fått endra vilkåra for brukarstyrte opphald med ei dobling i tal eigenstyrte døgn.
• Endring i praktisering av urinprøvetaking ved ruskontroll, med konsekvens at tiltaket vert opplevd mindre krenkande enn før.
• Brukarane har medverka til utarbeiding av husordensreglar, med konsekvens at reglane ikkje er krenkande, og i minst mogleg grad byggjer på asymmetriske makttilhøve.
• Han har oppretta samtaletilbod for pårørande til brukarar med rusproblem.
• Han har teke initiativ til meir koordinerte tenester gjennom ei felles pasientløype for akutte alkoholproblem som skal gjelde både psykisk helsevern og medisinsk avdeling i Nordfjord.
• Han har teke ansvar for tiltakspakken i pasienttryggleiksprogrammet både med arbeid for reduksjon av overdose og førebygging av sjølvmord.

Betre pasientoppleving
Arbeidet og fokuset til Arild har ført til at rusbrukarane ved Nordfjord psykiatrisenter har fått betra pasientopplevd kvalitet på tenestene, og at brukarane kjenner seg verdsette som menneske med gode ressursar.
Arbeidet har også ført til betre samhandling internt i Helse Førde og mellom spesialisthelsetenesta og kommunane gjennom dialog med kommunehelsetenesta, NAV, pårørande og andre tenesteytarar.
Utgangspunktet for behandlinga er gjensidig tillit og respekt, reell pasientmedverknad og støtte til oppleving av meistring.

Brukar NORSE
Arild og dei tilsette på rusposten  er særleg opptekne av å ivareta born som er pårørande.
Avdelinga har teke i bruk NORSE i behandlinga, for at brukarane skal kunne gje målbare tilbakemeldingar til behandlarane.
Arild er hardtarbeidande, målbevisst og dyktig. Han er eit førebilete for alle tilsette i Helse Førde. Han er også ein positiv kollega. Brukarane kjenner seg sett og verdsett i møte med Arild, og dei opplever samval i praksis.

Prisen er eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås og 40.000 kroner som vinnaren kan nytte til kvalitetsarbeid i avdelinga.