Kvalitetskonferanse: Med nytt sjukehus inn i framtida

Kvalitetsutvalet i Helse Førde inviterer til kvalitetskonferanse i Førdehuset torsdag 17. oktober.

Årets kvalitetskonferanse handlar om å kva vi kan gjere for å førebu oss på framtida. Nybygg og nye arbeidsmåtar blir sentrale tema. 

På gjestelista i år finn vi avdelingsdirektør Marit Endresen frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, prosjektleiar i Sykehusbygg Christian Brødreskift, brukarrepresentant Åshild Steinde Helleset, prosjektleiar Johannes Kolnes frå mottaksklinikken i Helse Bergen og vår eigen fagdirektør Trine Vingsnes.

Målgruppe er alle tilsette i Helse Førde. Alle andre som er engasjert i kvalitet i helsetenestene er også invitert.
 

Påmelding i læringsportalen

Helse Førde betaler for dei tilsette. Eksterne deltakarar betaler kr 1 000,–. Studentar kr 500,–. Lunsj er inkludert for alle. Giro vert ettersendt. Eventuell spesialdiett må meldast frå om på førehand. Påmelding for eksterne deltakarar via e-post til: irene.barmen.hoel@helse-forde.no.

Påmelding innan måndag 7. oktober 2019.

Sjå heile programmet her