
Foto: Lars Vikbakk og Jan Arve Holmøyvik monterte kunstverket på Nordfjord sjukehus, og fint vart det
Årets mest omtalte julekort
Biletet vart først illustrasjon på julekortet som alle tilsette fekk i 2020. Julekortet fekk stor merksemd då det synte seg at ein QR-kode på tekstsida på kortet førte oss til ein video der kunstnaren kom med tydeleg kritikk av arbeidstilhøva til sjukehustilsette. Innhaldet i videoen kom overraskande på oppdragsgjevaren, men som administrerande direktør Inger Cathrine Bryne sa til NRK Rogaland; - Dette er kunstnaren sitt innspel i ein samfunnsdebatt. Det viktigaste for oss er at kunstverket er vakkert og uttrykkjer det vi ville formidle.
Motivet gjorde inntrykk på svært mange. Helse Vest oppmoda difor kunstnaren om å overføre verket til storformat slik at kvart helseføretak kunne få eitt kvar. Helse Førde sitt biletet er i 2 x 2,8 meter og skal på turné til sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal før kunstverket bli hengt opp permanent på Førde sentralsjukehus.
Kva meinte kunstnaren om oppdraget
– Helse Vest hadde eit sterkt ønskje om å takke alle medarbeidarar for jobben dei gjer, særleg i desse krevjande tidene. Eg syntes dette var eit særs fint tiltak, og takksemd blei derfor eit naturleg tema for alle parter, seier Pøbel.
– Eg ville lage noko som helsearbeidarar kunne kjenne seg igjen i. I desse dagar blir vi bedde om å halde avstand og ha mindre kontakt med venner og familie, og alt er sterilt og kaldt. Det som tidlegare kanskje var ein klem vi tok for gitt, er no blitt svært verdifullt. At noko så uskyldig som ein god varm klem nærmast er forbode, illustrerer den spesielle tida vi er inne i. Forhåpentlegvis vil maleriet minne oss om ei tid som kjem tilbake, om noko vi kan sjå fram til.
Street art og Pøbel
Pøbel er en norsk, anonym gatekunstnar, særleg kjent for å lage kunstverk på aude stader. Arbeida hans består mellom anna av maleri, bilete og skulpturar. Sjå gjerne meir Pøbel på https://www.facebook.com/Pobel.No/