HELSENORGE

Kreftstudien Impress-Norway blir publisert i Nature Medicine

Studien IMPRESS-Norway, som Helse Førde deltek i, publiserer denne veka artikkelen «A national precision cancer medicine implementation initiative for Norway». Artikkelen med Kjetil Taskèn i spissen er godkjend i Nature Medicine, eit internasjonalt svært velrenomert vitskapeleg tidsskrift. Helse Førde deltek med to kosortiumforfattarar.




IMPRESS Norway er den nasjonale kreftstudien der pasientar med avansert kreftsjukdom får tilbod om ei omfattande molekylær utgreiing for å undersøke moglegheit for eksperimentell behandling i klinisk studie. 

Pasientar får tilbod om genpanelanalyse på over 500 gen. Uttrykk av desse gena dannar grunnlag for kva behandling som pasienten kan få tilbod om. Spesialistar frå mange fagfelt, inkludert onkologi, patologi, bioinformatikk og molekylærbiologi samarbeider deretter for å undersøke behandlingsalternativ. I løpet av det første året fekk over 250 pasientar i Noreg utført genpanelanalyse, og over 60 pasientar har fått tilbod om behandling.

Helse Førde var første sjukehus som opna for å inkludere pasientar i IMPRESS-Norway i april 2021, og deltek no på publikasjon i felleskap med dei ande studiesjukehusa. IMPRESS-Norway har som å mål skape eit økosystem for presisjonsmedisin i kreft med harmonisert tilgang til molekylær testing og kliniske studier i heile Noreg. 

- At våre pasientar har same tilgang til utgreiing og kliniske studier her som andre stader i Norge er svært viktig for oss, og er ein motivasjon i arbeidet vi gjer, seier Liv Jorunn Vassbotn, som er den eine konsortium-forfattaren frå Helse Førde.

Publiseringa i Nature Medical viser at den norske modellen er eit internasjonalt interessant konsept for innføring av persontilpassa medisin. 

- Å delta i IMPRESS-studien er først og fremst ei glede fordi det gir eit betre tilbod for våre kreftpasientar, men det er også kjekt å sjå at det gode arbeidet i Noreg har vekt internasjonal interesse,  seier avdelingssjef Tonje B Riste, den andre av forfattarane. 

For meir informasjon om IMPRESS-Norway studien, sjå nettsida IMPRESS-Norway - Forsiden - IMPRESSNorway.