Kranselag for Dagabygget

Det er med stor glede Helse Førde inviterer entreprenør Åsen og Øvrelid AS med sine tilsette til kranselag 10. februar. Det er ein viktig milepåle i byggearbeidet at Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern, har fått tett tak.

2020-01-21_Synfaring med Åsen og Øvrelid_miljø.jpg

Foto frå byggeplassen til Dagabygget

Helse Førde har sett fram til denne dagen lenge. Vi har arbeidd med bygget i fleire år, og entreprenør Åsen og Øvrelid AS har halde på sidan første spadestikket i mai 2019.  Dei har i løpet av denne korte tida forvandla utsikta vår frå det som var eit gardstun til det som no er eit råbygg på om lag 7000 kvadratmeter.

- Når vi no har fått tak og fleire veggar får eg ei ny forståing av bygget. Dagabygget er ikkje lenger teikningar, planar og visjonar, det er ein bygning. Det vi ser no forsterkar både forventningane og trua på prosjektet, seier administrerande direktør Arve Varden.

Synfaring Dagabygget.jpg

Foto frå synfaring den 23. januar 2020. F.v. direktør for psykisk helsevern Børge Tvedt, administrerande direktør Arve Varden, byggjeleiar Dagabygget, Ervin Beheim, dagleg leiar Åsen og Øvrelid AS, Finn Ove Øen, og prosjektdirektør for Nye Førde sjukehus, Kjell Inge Solhaug. Prosjektleiar Dagabygget, NFS Lena Haveland, var ikkje tilstades når biletet vart teke.

Eit innhaldsrikt bygg

Det blir eit godt bygg å arbeide og opphalde seg i. Her er det romslege korridorar som gir plass til stor aktivitet. Mange store vindauge og glasveggar vil gje godt dagslys, og i tillegg er det innvendige grøne gardsrom for brukarane. Eit nytt parkområde blir opparbeidd nordvest for Dagabygget.  

Det har vore stor brukarmedverknad i planlegginga av Dagabygget. Saman med representantar for tilsette og tillitsvalde har dei delteke i arbeidet med å utvikle byggeprosjektet.

Framdrift på bygget er i rute

Entreprenør Åsen og Øvrelid AS har hatt god framdrift på reising av råbygget, og prosjektet blir rapportert til å vere i rute for å nå måla innanfor kvalitet, kostnad og framdrift. Inne i bygget er arbeidet med å dele opp rom, og montere vindauge synleg.

Program for kranselaget

Det blir ei enkel markering frå klokka 11.45 og ein time fram. Kranselaget skal gå føre seg under tak på Dagabygget. Helse Førde byr gjestane på eit musikkinnslag, det blir talar og servert kake og kaffi.

Fakta om Dagabygget

  • Poliklinikk for born og ungdom (Førde BUP)
  • Poliklinikk for vaksne
  • Døgnpost for vaksne med akutt hjelp for Sogn og Fjordane
  • Døgnpost for tryggleikspasientar vaksne (nytt tilbod) for Sogn og Fjordane
  • Distriktspsykiatrisk senter for vaksne for Sunnfjord og Ytre Sogn med 2 døgnpostar, allmenn døgnpost og psykosepost
  • Bygget vert arbeidsplass for ca. 220 tilsette i psykisk helsevern.
  • Bygget er på omlag 7000 kvadratmeter.
  • Innflytting i starten av mars 2021.