HELSENORGE

Køyr eigen bil til sjukehuset

Dei nasjonale tilrådingane knytt til koronapandemien er at pasientar som skal til behandling og som kan køyre sjølv, gjennomfører reisa til og frå behandling på eiga hand.

Oppmoding om bruk av personleg transport gjeld også for dei som kan bli køyrt til behandling. Planlegging av eigen transport blir ein viktig del av førebuingane til behandling framover.
 
Får dekka utgifter
Hvis du køyrer sjølv eller blir køyrt til behandling, får du no dekka alle reiser over 10 km, og eventuelle tilleggsutgifter, som parkering, bom og bilferje. Dette er ei mellombels endring som følge av koronaviruset, og gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.

Desse transportråda er gitt både for å hindre smitte via offentleg og rekvirert transport, men også for å ha nok drosjekapasitet og kunne stille tilrettelagt transport til rådigheit for dei pasientane som treng dette mest.

Færre i drosjene
Som følgje av nye råd for transport av pasientar/brukarar reduserer vi igjen tal pasientar i drosjene. Vi informerer også om at både pasient/brukar og eventuelt følgje skal sitje i baksetet for å oppretthalde avstand. Alle i bilen skal nytte munnbind under heile transporten.
 
Regjeringa innførte 9.12.2021 nasjonal tilråding om å halde ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar, og påbod om bruk av munnbind i kollektivtrafikk og taxi dersom avstand ikkje kan haldast.