Koronaunderskot for Helse Førde i mars

Mars 2020 vart veldig spesiell på grunn av Covid-19-pandemien. Frå fredag 13. mars reduserte Hele Førde planlagd verksemd for førebu føretaket på Covid-19-pasientar. Dette har hatt store konsekvensar, blant anna for økonomien i perioden.

​- Arbeidet med å førebu ein eventuell pandemi har fått store konsekvensar for pasientbehandling og økonomi i alle norske helseføretak. Helse Førde er ikkje noko unntak, seier administrerande direktør Arve Varden.

Underskot, men reduserte kostnader

I mars hadde Helse Førde eit underskot på 12,8 millionar, noko som er 15 millionar bak budsjett. Årsaka er reduserte inntekter som følgje av redusert drift for å førebu ein eventuell stor auke av pasientar med Covid-19. Inntektene er 18,2 millionar lågare enn budsjett.

På kostnadssida er resultatet 2,9 millionar betre enn budsjett, justert for pensjonskostnader.

- Føretaket har hatt ekstra kostnader knytt til Covid-19, men samstundes har den reduserte aktiviteten ført til lågare kostnader, opplyser økonomidirektør Øystein Helleseth.

Dette gjeld særleg innanfor pasienttransport, kjøp av helsetenester og noko på varekostnader i samband med til dømes utsette operasjonar.

Auke også framover

- Vi ser at det vil komme ytterlegare ekstra kostnader i månadene framover, seier, Arve Varden.

Dette er særleg knytt til løn, då føretaket både skal auke planlagd verksemd og vidareutvikle Covid-19-kohortane og kapasiteten knytt til intensivsengepostar. Vidare vil kostnadene auke innanfor pasienttransport, mellom anna fordi det må vere færre reisande i kvar drosje og på bussane frå Sogn og Nordfjord.

- Vi oppmodar framleis dei pasientane som kan det nytte eigen bil til sjukehustime, seier Varden.

Korleis Helse Førde skal dekke inn ekstrakostnadene og svikten i inntekter som følgje av korona, er ikkje avklara. Det pågår dialog om dette mellom dei regionale helseføretaka og staten.

Ventetider opp

Pasientbehandlinga i Helse Førde var i mars månad sterkt prega av at planlagd verksemd vart redusert på grunn av covid-19-pandemien. For pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp og anna helsehjelp som ikkje kan utsetjast (t.d. kreftbehandling), har behandlinga gått som normalt.

Svært mange pasientar har fått utgreiing, behandling og operasjonar utsett. Dette viser att i ventetidene som aukar for alle fagområde bortsett frå kreftavdelinga.