Korona: Informasjon til fødande

Kvinneklinikken har innført ein rekkje tiltak knytt til koronasituasjonen. Her er kort informasjon til deg som ventar barn.

Trur du fødselen er i gang? Ring fødeavdelinga - 57 83 92 37. Ingen oppmøte utan avtale.

Helse Førde har i dag innført nye reglar for besøkande til sjukehusa.

Etter dette gjeld følgjande på fødeavdelinga:

• Partnar som er symptomfrie og ikkje er i karantene kan vere med på fødslar.
• Partnar kan ikkje vere med på rutineultralyd.
• Partner kan ikkje vere med ved keisarsnitt.

Om barselopphald:

• Barselopphald vil bli så kort som mogeleg (inntil 2 døgn ved normal fødsel).
• Av smitteomsyn kan vi ikkje tilby familierom.
• Besøk er ikkje lov, heller ikkje av partnar.
• Eventuelt isolasjon av mor vert vidareført på barsel.
• Nyfødde barn kan ikkje takast ut av avdelinga før utskriving.

Om polikliniske konsultasjonar ved Kvinneklinikken:

• Møt som normalt dersom du ikkje har fått nokon annan beskjed.
• Alle utsettingar/avlysingar  vil bli vurdert individuelt på medisinsk fagleg bakgrunn.
• Det er viktig å forhalde seg til informasjon som vert sendt på SMS i framkant av timen.
• I nokre tilfelle kan partner/pårørande ikkje vere med på polikliniske konsultasjonar, dette for å begrense besøk på sjukehuset.

Har du spørsmål knytta til svangerskap og fødsel ber vi deg stille dei til lokal jordmor/fastlege i størst mogeleg grad. Dei kan vurdere og eventuelt tilvise vidare.

Vi ber om forståing for at vi innfører desse tiltaka, og beklagar ulempene dei vil medføre for dykk. Vi vil legge til rette for ei trygg og god oppleving for deg under fødselen og barselopphaldet.