Korona: Ber næringslivet i vest om å bidra med utstyr

Som ein del av beredskapen rundt koronautbrot treng sjukehusa meir smittevernutstyr. Helse Vest koordinerer innsatsen og oppmodar næringslivet på Vestlandet om å bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.

​Eit koronautbrot krev langt meir smittevernutstyr i sjukehusa enn i ein normalsituasjon. På same tid har det vore vanskeleg å få tak i utstyr som normalt blir produsert i Kina og utstyr blir også, av fleire grunnar, levert seint. I eit brev stila til NHO og industrien på Vestlandet inviterer Helse Vest no til samarbeid.
- Vi treng smittevernutstyr til medarbeidarane i sjukehusa for å halde folk der friske, slik at dei kan bidra i behandling av alle dei pasientane som treng det. Vi førebur no omfattande beredskapstiltak. Medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta imponerer i denne innsatsen! No ber vi også alle bransjar og verksemder bidra i det felles samfunnsansvaret vi har. Vi treng all hjelp og innsats vi kan få frå næringslivet, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.  
Mellom utstyret som trengs er andedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og - frakkar.
Innsatsen for å skaffe utstyr framover er allereie godt i gang. Dei regionale helseføretaka samarbeider om utstyr. Det er også god dialog med Helsedirektoratet og myndighetene i dette arbeidet. Regionane samarbeider om lager og det er sett ned ei gruppe for dette nasjonalt. Slik sikrar ein seg oversikt over lager, og at ein kan koordinere slik at det utstyret som er tilgjengeleg blir brukt på best mogleg måte. Eit anna sentralt mål er at alle sjukehusa i Noreg skal ha lik tilgang på utstyr.  
 
Pressekontaktar i Helse Vest RHF:
Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, org. og tekno, tlf.: 415 33 809

Bente Aae, kommunikasjonsdirektør, tlf.: 415 33 807