HELSENORGE

Korleis skal Nordfjord sjukehus bli i framtida?

Betre kommunikasjon mellom spesialist- og primærhelsetenesta. Større samhandling rundt pasientane. Samarbeid om rekruttering.

IMG_3480.JPG

​​Gruppearbeid: Påtroppande stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Arild Kroghn Nøstdal, blir sentral i å føre prosjektet i mål.

Dette er nokre av stikkorda etter at eit femtitals representantar frå Helse Førde, kommunane i Nordfjord og brukargrupper var samla på Nordfjordeid for å tilrå vegen vidare for Nordfjord sjukehus. Ti år er gått sidan prosjektet <> vart avslutta. No er spørsmål korleis utvikle sjukehuset vidare. 

- Helse Førde skal ha eit framtidsretta og trygt tilbod ved sjukehuset, psykiatrisenteret, BUP og ambulansetenesta, seier administrerande direktør Arve Varden.

Arbeidet som no er sett i gang, skal gjere opp status for utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Prosjektet har fått namnet «Vidare utvikling av spesialisthelsetilbodet i Nordfjord», og skal mellom anna kartlegge og skildre

  • Kva som er etablert, kva som ikkje er etablert av det som var planlagt, og kvifor 
  • Nye føringar som får konsekvensar for lokalsjukehuset 
  • Kva er nytt i tida – behov hos pasientane, medisinsk utvikling, andre utviklingstrekk, ressursar, føringar og anna. Mykje er endra, særleg når det gjeld heimesjukehus og digitale helsetenester. 
Punkta under er mellom dei som vert viktige i det vidare arbeidet:

  • Plan for kva tenester og kva for areal som skal vere på NSH på sikt 
  • Peike på moglegheiter for nye områder for desentraliserte tenester (digitalisering)
  • Skissere løysing for korleis samarbeidet internt i føretaket og med kommunane bør utviklast vidare lokalt, utifrå nye føringar for  helsefellesskap
  • Synleggjere eventuelle konsekvensar av endringar i kommunane (nye oppgåver, endra organisering og inndeling)
- Samlinga var ein god start på eit viktig arbeid. Mange gav uttrykk for at berre det å møte kvarandre og snakke saman har ein verdi i seg sjølv, seier stadleg leiar Tone Holvik ved Nordfjord sjukehus.