Korleis bygge Livabygget smart

Det som blir snakka om for tida i byggeprosjektet Nye Førde sjukehus er om det er smart å bygge fleire etasjar på Livabygget (nybygg somatikk), i staden for å bygge om sengepostar i Svanabygget (høgblokka). Eit intensivt arbeid er sett i gang for å vurdere kva som er best for Livabygget og sjukehuset, men ingen val er tekne.

​Framleis er Livabygget, slik det er planlagt i forprosjektet, den løysinga som gjeld. Men i det kreative arbeidet med å detaljplanlegge Livabygget kjem det fram andre måtar å løyse bygget på som er interessante å følgje opp.

- Det skal byggast for framtida og det er avgrensa med pengar å bygge for. To tilhøve ligg fast, det er kostnadsråma og tidsplanen. Vi skal finne den løysinga som gjev oss mest att for pengane, og som samla er den beste. Det er ikkje ein sjølvfølge at alternative løysingar som kjem fram i prosessen no, blir dei endelege. Det er gode diskusjonar, men for tidleg å trekkje konklusjonar, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Føresetnader som gjer endringar mogeleg

Det er tre faktorar som har endra situasjonen for Livabygget frå føresetnadane i forprosjektet. Faktorane heng saman med rammeløyvet frå Førde kommune. I reguleringsplanen og i rammeløyvet fekk Helse Førde mogelegheit til å fundamentere nybygget for somatikk på same nivå som det eksisterande sjukehuset. Det gav byggeprosjektet ein sjanse til å kople saman nytt og eksisterande bygg utan nivå forskjell. Denne mogelegheita var ikkje sjølvsagt, og i forprosjektet hadde ein teke høgde for at nytt og gamalt ikkje ville kunne leggast på same høgde. I reguleringsplanen vart det òg avklart at ein kunne bygge fleire etasjar i nybygget enn ein i utgangspunktet hadde planlagt.

I tillegg har ein vurdert behovet for areal til stab- og støttefunksjonar. Kartlegginga syner ei underdekning på areal. Eit av spørsmåla ein stiller seg er om det er mogeleg å løyse dette manglande arealet i byggeprosjektet innanfor investeringsråma på 1.6 mrd.

Mogelege endringar for Livabygget

Kort og enkelt forklart inneber endringsframlegget å bygge fleire etasjar på nybygget til somatikk, Livabygget, i staden for å bygge om dei tre øvste etasje i Svanabygget (høgblokka). Ved å bygge åtte etasjar på det nye bygget vil det gje ekstra areal og vere med å kunne redusere ombygginga i dei øvrige etasjane i Svanabygget. Det frigjevne arealet vil gje oss plass til behandlingsnære kontorfunksjonar og moglegheit til å redusere driftskostnadar knytt til ekstern leige i Førde.

Med nye sengeetasjar i Livabygget får ein nytt og gammalt som omkransar sentralheisen i Svanabygget. Dette gir eit godt utgangspunkt for å utvikle sjukehuset med god logistikk for pasientar, tilsette og vareflyt.
Det viktigaste fordelen ved denne endringa vil dei tilsette og pasientane våre oppleve. Sengepostane slepp i driftetett på og parallelt med ombygging. I tillegg;

  • Alle sengepostar kan samlast i det nye bygget.
  • Det sentrale heisanlegget kan gjenbrukast og gje svært tilfredstillande logistikk.
  • Sengepost kan flytte ut i nybygg før ombygging av høgblokka.
  • Det blir eit betre utgangspunkt for bygging av ny sterilsentral.
  •  Sjukehusapoteket får plass i det nye bygget, unngå ombygging av verna areal i Svanabygget.
  • Betre tilkomst gjennom Svanabygget til både Livabygget og Dagabygget, med ei  publikumsgate direkte ut i Livabygget.