Kontroll med smitteutbrot

Utbrotet av norovirus ved Førde sentralsjukehus er under kontroll.

Fleirtalet av dei i overkant av 20 pasientane som har vore innlagt smitta med norovirus, influensa eller ein kombinasjon av begge delar, er no uskrivne. Berdskapen er avslutta, få pasientar er smitta og sjukehuset er i normal drift.

Besøkande er velkomne. Helse Førde ber likevel om at alle viser god handhygiene.

Ingen av pasientane som har vore innlagt på grunn av virussmitte har vore alvorleg sjuke. Det blei likevel sett i verk ei rekkje tiltak før helga for å unngå smittespreiing. Situasjonen er no rekna å vere under kontroll, og fleire av tiltaka som vart sett i verk før helga er no oppheva. Mellom anna opnar sjukehuset att for nødvendig besøk til pasientar. Det vert understreka at det er viktig med god handhygiene.