
Meir effektivt i telefonen: Ingrid Myklebust og Wenche Svoen klare til å svare ved Nordfjord sjukehus.
Slik vil det bli dersom Helse Førde lukkast med prosjektet «Open linje», som startar ved utvalde pilotavdelingar i dag onsdag 22. mars.
Raskare og bedre telefonservice
- Vi har god tru på at vi skal klare å gje pasientar og pårørande som ringjer oss god og effektiv hjelp på telefonen, seier Laila Vilnes Helgheim som leiar prosjektet i Helse Førde. – Det er rett og slett snakk om å gje dei som ringjer betre service, ei betre kundeoppleving.
«Open linje» er del av det store Alle Møter-programmet i Helse Vest. Bakgrunnen for satsinga er at telefontenestene har vist seg å vere svært utfordrande i sjukehusa. Visste du at tre av ti som ringjer poliklinikkane i Helse Vest, ikkje får svar? Vi veit at mange pasientar og pårørande har opplevd lang tid i telefonkø og varierande grad av service. Dette ønskjer vi no å få slutt på, og løysinga vi har valt heiter kontaktsenter.
Tverrfagleg kontaktsenter
Dette blir ei tverrfagleg telefonteneste der seks avdelingar / klinikkar ved Førde sentralsjukehus og to ved Nordfjord sjukehus er representerte i pilotprosjektet. Dei som svarer sit i same rom, og kan svare på spørsmål rundt sjukehustimen din eller hjelpe deg med å endre på timen.
Medarbeidarane i kontaktsenteret har erfaring frå både sentralbord og klinikkane, og skal jobbe tett saman for å gje dei som ringjer best mogeleg service.
Fire tasteval
- På denne måten vil vi kunne gjere det lettare for pasientar og pårørande å komme gjennom på telefonen, gje dei betre hjelp ved å samarbeide på tvers, seier Laila Vilnes Helgheim. – På same tid håpar vi å avlaste poliklinikkane for telefonar, slik at dei får mest mogeleg tid til å ta seg av pasientane som kjem.
Pasient eller pårørande som ringjer får velkomstmelding og desse tastevala: «Tast 1 – spørsmål om time/tilvising, tast 2 – endring av time/avbestille time, tast 3 – medisinske spørsmål, tast 4 – andre spørsmål».

Har vore med på å førebu kontaktsenteret: Bakerst frå venstre: Merethe Storegjerde, regional prosjektleiar i «Open linje», Arne Heggheim, leiar i serviceseksjonen, Per Anders Hornnes, seksjonsleiar revmatologisk poliklinikk, Trine Dyregrov, seksjonsleiar service psykisk helsevern. I midten frå venstre: Torill Kjøllesdal Kriken, seksjonsleiar serviceseksjonen Nordfjord sjukehus, Elin Ese, einingsleiar nevrologi. Framme frå venstre: Hanne Bildøy, seksjonsleiar medisinsk serviceseksjon, Reidun Brekke, seksjonsleiar radiologi og Laila Vilnes Helgheim, prosjektleiar «Open Linje» i Helse Førde.