Knappe fem millionar i pluss

Helse Førde fekk eit resultat på 4,6 millionar kroner i 2016. Årsrekneskap og årsmelding blir lagt fram på styremøtet fredag 24. mars.

​Føretaket omsette for 2,8 milliardar kroner i 2016. Overskotet er 2,4 millionar kroner under resultatkravet sett av eigaren, Helse Vest. Og det er kring 10 millionar kroner dårlegare enn i 2015. Helse Førde investerte for 139,4 millionar kroner i 2016.

Halfdan Brandtzæg (2).JPG

- Alt overskot blir ført tilbake i drifta og brukt til investeringar, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg (bildet).

Svakare drift

Drifta i føretaket gjekk dårlegare mot slutten av fjoråret. Den negative utviklinga har halde fram inn i 2017, og etter to månader ligg Helse Førde 3,1 millionar etter budsjett. I ei anna sak som kjem fram for styret fredag i neste veke, blir det difor lagt opp til å greie ut fleire tiltak som skal redusere faren for underskot.

- Dersom Helse Førde ikkje klarer å løyse den økonomiske utfordringa, er det stor fare for at føretaket ikkje maktar å investere i nødvendig grunnleggande medisinskteknisk utstyr, IKT og bygg i tida framover, heiter det i denne  styresaka.  

Greie ut tiltak

Ved Førde sentralsjukehus skal det greiast ut å slå saman sengepostar, etablere observasjonspost og ein fem-døgns sengepost for elektive pasientar (pasientar der sjukehusopphaldet er planlagt). Også i Lærdal skal føretaket greie ut samanslåing av sengepostane. Vidare skal det setjast ned eit prosjekt for å gjennomgå vaktordningar og kjøp av utvida arbeidstid. I tillegg skal det gjerast ei ny vurdering av framdriftsplanen for ut- og ombygginga av Førde sentralsjukehus.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​