For å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt, inviterer vi deg til ny erfaringskonferanse etter suksessen for to år sidan ! Set av 2. og 3. februar til fagleg påfyll og møte med flinke kollegar på Skei i Jølster.
Program og påmelding.pdf
Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i den praktiske kvardagen. Målgruppa er leiarar og tilsette både i første- og andrelinjetenesta som har sin arbeidskvardag i dette «samhandlingsrommet».