Kjell Opseth til minne

​Kjell Opseth døydde søndag 3. desember, nær 82 år gammal.

Kjell Opseth var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1981 til 2001. Han markerte seg også som nestleiar i styret for Helse Førde, eit verv han hadde heilt frå føretaket sitt oppstartmøte 12. desember 2001 og fram til og med 25. februar 2008.

Opseth.jpg
VART TAKKA AV: På dette bildet frå 2008 er det dåverande styreleiar Clara Øberg (t.h.) som på vegne av styret i Helse Førde takkar av Kjell Opseth.

Likevel er det som samferdslepolitikar Opseth er mest kjend, og då særleg frå dei seks åra han sat som samferdsleminister i regjeringa Gro Harlem Brundtland (1990 til 1996). I denne perioden fekk Opseth vedteke og mykje godt gjennomført nasjonale gigantprosjekt som til dømes den nye hovudflyplassen på Gardermoen og verdas lengste biltunnel mellom Lærdal og Aurland.
Etter perioden som samferdsleminister, frå hausten 1996 og fram til regjeringsskiftet eitt år seinare, sat Kjell Opseth som kommunal- og regionalminister i regjeringa Thorbjørn Jagland.

Dette vart avslutninga for Opseth sitt virke på den rikspolitiske arenaen, og vervet som nestleiar i styret for det nyoppretta Helse Førde skulle bli ein viktig del av det Opseth brukte kapasiteten sin på i åra som kom.
I tida frå starten i 2001 til Kjell Opseth gjekk ut av styret i 2008 hadde Helse Førde tre ulike styreleiarar: Per Ytrehus, Tore Thorsnes og Clara Øberg. I desse første åra med ny organisatorisk modell representerte Kjell Opseth såleis ein kontinuitet i styret for det ferske helseføretaket. Dei første åra var etablering av luftambulansen ved Førde sentralsjukehus, oppretting av ungdomspsykiatrisk avdeling, tilbod om fedmekirurgi, røykfrie institusjonar og krav om balanse i økonomien innan 2005 blant dei store sakene Opseth og resten av styret tok tak i.

Helse Førde takksam for den store innsatsen Kjell Opseth la ned i desse første, viktige åra då føretaksmodellen skulle utformast i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Vi lyser fred over Kjell Opseth sitt minne.


Agnes Landstad,
Styreleiar Helse Førde HF

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​