Kan du vere smitta av koronaviruset?

Lurer du på om du er smitta, ta kontakt med fastlege eller legevakt. Prøv først på telefon 116 117 (legevakt). Er det mistanke om smitte, blir sjukehuset eller Folkehelseinstituttet kontakta for testing. Ikkje oppsøk eller ta kontakt med sjukehuset direkte.

Lab.jpg
                                                                  ILLUSTRASJONSFOTO: VEGARD FIMLAND
Det kan vere grunn til mistanke om smitte dersom du har har vore i eit område der det er kjent spreiing av koronaviruset, og i ettertid fått symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, tung pust, feber). Pr. no gjeld dette kun i Kina.

Det kan og vere aktuelt å teste deg dersom du har hatt nærkontakt med nokon som allereie har fått påvist koronavirus, og i ettertid fått symptom på luftvegsinfeksjon.

• Testinga vil som regel skje på sjukehus, ved hjelp av ei enkel undersøking med pensel i nase og hals. Svaret på prøven kjem seinast innan eit døgn.
• Om testen er positiv, er vidare tiltak avhengig av tilstanden til den smitta. For personar som har lette symptom, kan det vere aktuelt å isolere seg i eigen heim. Personar som treng behandling på sjukehus vil bli lagt på isolat på sjukehuset.


Meir informasjon:

• På Folkehelseinstituttet sin nettstad kan du halde deg oppdatert til ein kvar tid.
• Les også: Korleis bur sjukehuset seg på å ta imot pasientar med mogeleg coonavirus.
• Viktig informasjon til fastlegane.