Kampanje for å førebygge sjølvmord

Mellom 3 500 og 7 500 personar kvart år prøver å ta sitt eige liv. Sjukehusa på Vestlandet, Helse Vest, Rogaland Fylkeskommune, interesseorganisasjonar og fleire, startar denne veka ein folkeopplysningskampanje for å førebygge sjølvmord: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Banner_frafilm_logo_980x300_2.jpg

Foto frå kampanjen "Vel livet"

Med denne folkeopplysningskampanjen ønsker vi å auke kunnskap og openheit rundt sjølvmordsåtferd, og senke terskelen for å snakke slike tankar – og søke hjelp.

Bakgrunn for kampanjen er at sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, og at det i Noreg dør om lag 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Ein trur at mellom 3 500 og 7 500 personar kvart år prøver å ta sitt eige liv. Ein studie viste at 62 prosent av dei som tek sjølvmord ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern siste året før dei tok sjølvmord. Av dei som tok livet sitt og likevel hadde vore i kontakt med fastlegen veker og siste månad før, var det 70 prosent som ikkje snakka om sjølvmordstankane sine.

I Sogn og Fjordane blir hovudbodskapen i kampanjen først og fremst presentert i sosiale media, og som digitale annonsar nokre få lokalaviser. Men i denne kampanjen er det òg viktig å formidle kvar det er hjelp å få. Her følger Helse Vest «Nasjonalt senter for forskning og selvmordsforebygging» og «Helsenorge.no» sine tilrådingar.

Vel livet

Fastlege, helsesøster på skulen eller på helsestasjonen, psykolog, psykisk helse- og rusteneste, legevakt eller psykososialt kriseteamet i kommunen er første hjelpeinstans.

Både fastlegen og kommunepsykolog kan vise vidare til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller Distriktspsykiatrisk senter (DPS) dersom det er behov for det.

Ei rekke organisasjonar er involvert i arbeidet med å førebygge av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefoner:

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Ved livstrugande situasjonar ring naudnummer 113

For råd og rettleiing viser vi til nettsida som er utarbeidd på, helse-vest.no/ selvmord .