Jorunn Ringstad er død

Tidlegare styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, døydde onsdag. Ho vart 75 år.

Ringstad kom inn i styret i Helse Førde i 2006. To år seinare vart ho nestleiar. I februar 2012 tok ho over som styreleiar, eit verv ho hadde like til ho i november 2016 ba seg friteken av helsemessige årsaker.

- Jorunn leia arbeidet i styret i Helse Førde med ei trygg og stødig hand. Vi visste alltid kor vi hadde henne, seier styreleiar Agnes Landstad. Ho tok over leiarvervet då Ringstad trekte seg mot slutten av 2016. - Helse Førde har mykje å takke henne for. Ho la ned ein stor og god arbeidsinnsats over mange år.

Mange av dei same orda nyttar Clara Øberg, Ringstads forgjengar som styreleiar:

- Jorunn er eit av dei mest lojale menneske eg har kjent. Ho blei ofte karakterisert som traust, og når det gjeld Jorunn står det som ei heidersnemning. Når ho var overtydd om at noko var rett, stod ho på det.

Ringstad og Øberg arbeidde tett saman i mange år. Ei av sakene dei jobba mykje med, var å få patologi og kreftbehandling til Førde.

- Jorunn var konsekvent på at avgjerdene vi skulle ta, heile tida måtte vere til beste for pasientane. Då Jorunn blei sjuk ringde ho meg og fleire andre ho hadde arbeidd saman med i Helse Førde, og sa at no skulle ho sjølv få nyte godt av den behandlinga vi hadde kjempa fram, fortel Øberg.

Jorunn Ringstad hadde lang fartstid i politikken før ho kom inn i Helse Førde-styret. Ho var utdanna lærar, men kom tidleg med i politisk arbeid for Senterpartiet. Ringstad vart den første kvinna i ordførarstolen i Askvoll. Etter seks år som ordførar blei ho vald inn på Stortinget i 1993. Ho sat på Stortinget i tre periodar før ho gjekk ut av rikspolitikken i 2005.