Internasjonal heider til Helse Førde-forskarar

Tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy har kåra artikkelen frå eit forskingsprosjekt i Helse Førde til årets viktigaste bidrag 2018 innan kategorien psykoterapiprosess-forsking.

Det amerikanske tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy gjennomgår årleg artiklane som er publisert i 60 av dei viktigaste psykiatritidsskrifta, og kårar dei viktigaste bidraga i ni ulike kategoriar.

Lavik, Kristina Osland.jpg

I kategorien Psychotherapy process 2018 kom Helse Førde-artikkelen seg gjennom nålauget og vart nominert, for deretter å gå heilt til topps i kåringa. Førsteforfattar er psykolog Kristina Osland Lavik, og medforfattarar er Christian Moltu, Helga Frøysa og Karen F. Brattebø.

Gode relasjonar
- Denne kåringa er vi veldig stolte av, seier Kristina Osland Lavik. - Artikkelen er ein del av eit større forskingsprosjekt der vi filmar terapitimar og analyserer kva som skjer i møtet mellom pasient og terapeut. Vi håpar og trur at denne forskinga skal komme både nye og erfarne terapeutar til gode, og skape meir bevisstgjering rundt betydninga av å skape gode relasjonar i psykoterapi.
Tema i forskingsprosjektet er altså relasjonane mellom pasient og terapeut, og korleis skape dei gode relasjonane som er nødvendig for at terapien skal fungere. I praksis inneberer dette å balansere det å vere ein profesjonell med å vere eit varmt, ikkje-dømmande og ekte medmenneske i møtet med pasienten.

- Blir meir synleg
- Dette er terapeutferdigheiter som er lett å ta for gitt og som kan verke sjølvsagte. Likevel, ser vi at bevisstgjering rundt dette er viktig og nødvendig, seier Lavik. - Som terapeutar vert vi gjerne opptekne av kva vi skal gjere, heller enn korleis vi skal gjere det. Målet med denne forskinga er å støtte terapeutar i å tenke meir rundt korleis, på ein praktisk og forståeleg måte. Dette blei også trekt fram når vi vann denne prisen.  
Ho meiner prisen er viktig og eit prov på at verdfull forsking også kan skje i eit lite helseføretak som Helse Førde.
- Kåringa fører til at forskinga vår blir langt meir synleg i store fagmiljø rundt om, og sjølvsagt ligg der ei stor anerkjenning av kvaliteten i studien vår. 
 Omtalen i fagtidsskriftet inkluderer også eit kort intervju med Kristina.


Her finn du tidsskriftet sin omtale av kåringa:

Journal of Contemporary Psychotherapy

Lavik, K. O., Frøysa, H., Brattebø, K. F., McLeod, J., & Moltu, C. (2018). The first sessions of psychotherapy: A qualitative meta-analysis of alliance formation processes. Journal of Psychotherapy Integration, 28(3), 348-366.

And the winner is …. Kristina Lavik and colleagues
(2018) for their meta-analysis of the first sessions of psychotherapy.
This meta-analysis examines the process of alliance
building from the perspective of both the therapist and
the client. The article includes many useful guidelines that
can help to guide the establishment of a sound working alliance,
especially showing a genuine desire to understand the
struggles of each client, and helping clients to feel respected
and understood. The authors confront the issue of “balancing
what you do, with who you are” (Lavik et al. 2018, p.
360). The article includes many recommendations that are
useful for the novice therapist as well as the seasoned clinician.
According to Kristina Osland Lavik (personal communication,
May 25, 2019): “Back when I was a student
in clinical psychology, I was taught how the therapeutic
alliance was vital for successful psychotherapy outcomes.
However, I experienced practical guidelines offering clinical
perspectives on how to promote constructive alliance
establishment as scarce when progressing into clinical
work. Later, I encountered my current supervisor Professor
Christian Moltu, who suggested studying the development
phases of therapeutic alliances in natural settings in
a research project. This particular meta-analysis is the first
step in describing important relational processes that occur
in the early therapeutic encounter. The meta-analysis summarizes
and re-analyzes qualitative studies on the formation
of the early therapeutic alliance from both the therapist
and the client perspective. From this groundwork, we are
currently conducting the empirical part of project, employing
Interpersonal Process Recall interviews through the five
first sessions of psychotherapy in ordinary clinical settings.
We hope that the insights resulting from this project will
be helpful for clinicians and aid in supporting constructive
alliance work.”