Dette gjeld prøvesvar som sjukehuset sjølv har bestilt, og i hovudsak svar innan patologi (vev- og celleprøver) og skildringar av radiologiundersøkingar (for eksempel røntgen, MR, CT og PET). Prøver som er bestilt utanfor sjukehuset blir ikkje vist. Det betyr at du ikkje vil finne prøver som er bestilt av fastlegen, heimetenesta eller andre legekontor.
Resultat av undersøkinga
Svar på prøvar og undersøkingar blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Om det er behov for ein gjennomgang av svaret, vil legen kontakte deg. Laboratoriet eller radiologisk avdeling har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar til deg. Det er ulikt kor lang tid det tar å analysere ein prøve eller ei undersøking. Medan nokre prøvesvar vil vere ferdig etter nokre minutt, vil andre vere klar etter timar, same dag eller neste dag. For enkelte prøvesvar kan det ta dagar før svare føreligg. Ved prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.
Innsynstenester
Den direkte kommunikasjonen med legen vil alltid være viktigast, og det er legen som først skal informere deg om prøvesvar. Innsyn i eigne prøvesvar på helsenorge.no er eit tilleggstilbod. Det å dele prøvesvar med innbyggarar via helsenorge.no kan gjere dialogen mellom deg som pasient og behandlar betre, og det er eit viktig steg vidare mot openheit rundt eigen sjukehistorie.
Les meir om prøvesvar her