Innovasjonspris til Helse Førde-spesialist

Psykologispesialist ved Helse Førde, Christian Moltu fekk Helse Vest sin innovasjonspris på den årlege forskingskonferansen. Prisen fekk han for det digitale systemet Norse Feedback, ein ide som vart til ved kjøkkenbordet i 2014.

2019-10-14_Helse Vest Innovasjonspris_Varden-Moltu-Schem_Foto Silje Katrine Robinson_web.jpg

Frå venstre Arve Varden, adm.dir. Helse Førde, innovasjonsprisvinnar Christian Moltu og fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Silje Katrine Robinson.

Norse Feedback blir av juryen skildra som eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Innovasjonsprisen var på 100 000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar. Moltu takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta. – Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, fortel Moltu.

Christian Moltu, psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet, seier at han er svært glad for denne prisen. – Systemet vi har utvikla skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, fortel Moltu.

2019-10-14_Helse Vest Innovasjonspris_Christian Moltu_Foto Silje Katrine Robinson_web.jpg

Christian Moltu mottek prisen frå fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon, som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Sjå Christian Moltu fortelje om kva Norse Feedback kan bety for pasienten

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir òg nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Melom anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

Christian Moltu fekk også kvalitetsprisen i Helse Vest i 2017

Forskingskonferansen 2019