
Tilgangskontroll i Helse Førde
Fyll ut skjema før du kjem
For å førebyggje smitte av Covid 19 ber vi deg fylle ut dette skjemaet 3 virkedagar før timen din på sjukehuset.
Fyll ut skjema her (helsenorge.no)
Merk at dette gjeld ved fysisk oppmøte, ikkje videokonsultasjon. I tillegg krev det at du har oppretta brukar på helsenorge.no og at du har gitt fullt samtykke i profilen der. Dersom du ikkje har mogelegheit til dette vil avdelinga ringe deg. Dersom situasjonen endrar seg etter du har sendt inn skjema må du kontakte avdelinga du skal til umiddelbart!
Møt presis til timen din
Det er viktig at du møter presis til timen din for å unngå unødvendige avbrot i behandlinga. Før du kjem til timen, vil vi ringe deg for å stille deg nokre kontrollspørsmål om mogleg risiko for at du kan vere smitta av koronaviruset.
Når skal du ikkje møte til timen din?
Du skal ikkje møte til timen dersom du (eller den som følger deg til sjukehuset) i løpet av dei siste 10 dagane har:
- Vore i utlandet
- Hatt kontakt med ein som er smitta eller sjuk med mistanke om koronavirus
- Symptom på akutt luftvegs-infeksjon (som feber, hoste, tung pust, sår hals, eller forkjøling)
Dersom ja på eitt av spørsmåla over, ring til avdelinga der du skulle ha møtt for å få utsett timen. Telefonnummer finn du i innkallingsbrevet. Du kan også kontakte oss via helsenorge.no eller på telefon 578 39000.
Kontrollspørsmål når du kjem til timen
Når du møter opp til timen vil du, og eventuelt din følgjeperson, bli stilt dei same spørsmåla ein gong til. Dette gjer vi for å førebygge at koronavirus-smitten kjem inn i lokala våre, og for å gjere det tryggast mogleg for alle våre pasientar her.
- Dersom du svarer nei på alle spørsmåla vil behandlinga bli gjennomført som planlagt.
- Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av spørsmåla, vil ansvarleg behandlar (lege, psykolog eller annan) vurdere om du skal få gjennomført behandlinga, eller om den må utsetjast.
- Dersom behandlaren meiner at timen i staden kan gjennomførast ved telefon eller video, vil du få tilbod om dette.
Treng du følgje til timen?
For å avgrense risikoen for koronasmitte på sjukehuset, har Helse Førde innført streng tilgangskontroll. Pasientar kan som hovudregel ikkje ha med seg følgje inn i lokala våre. Berre barn under 18 år og pasientar som treng følgje kan med seg éin person. Dette må avtalast med avdelinga du har time ved på førehand.
Dersom timen blir utsett
På grunn av koronavirus-epidemien kan timen din bli utsett. Dersom timen blir utsett vil du bli kontakta av oss per telefon eller brev. Dersom du er uroleg eller opplever forverring i tilstanden din medan du ventar på ny time, må du ta kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev), eller med fastlegen din.
Konsultasjon per telefon eller video kan erstatte fysisk time
For deg som ikkje treng fysisk å møte opp for å få behandling, kan
timen gjennomførast per telefon eller video. Du vil få nærare informasjon
om dette dersom det er aktuelt.
Meir informasjon
Sjå oppdatert informasjon om korona-situasjonen på våre nettsider https://helse-forde.no/koronavirus