Ikkje ring sjukehuset om planlagd time

Helse Førde opplever måndag svært stor telefonpågang frå folk som har time og lurer på om dei skal møte som planlagt. Dette er ikkje naudsynt, då sjukehuset vil ta kontakt dersom timen må utsetjast.

​Så har du fått time på sjukehuset i nær framtid, ver tolmodig. Du vil få melding frå Helse Førde dersom du ikkje skal møte som planlagt. Dersom du ikkje høyrer noko frå sjukehuset, skal du møte slik som planlagt.

Helse Førde gjer dette for å unngå det store trykket mot sentralbordet som ein opplevde måndag morgon, med fleire hundre innkommande telefonar i timen. Det er altså ikkje naudsynt å ringe inn om planlagt time, fordi sjukehuset kontaktar deg om det blir ei endring.

På denne måten slepp du som pasient å sitje i lange telefonkøar, og du kan berre møte som planlagt dersom sjukehuset ikkje har kontakta deg før timen.
Hugs også på at det går an å sende melding til sjukehuset ved å logge deg inn på www.helsenorge.no.