HELSENORGE

Ikkje lenger beredskap på grunn av veret

Helse Førde er ikkje lenger i gul beredskap på grunn av ekstremveret "Gyda". Dette er konklusjonen etter eit koordineringsmøte med statsforvaltaren i dag fredag. 

​Helse Førde har deltatt i statsforvalter sine koordineringsmøte seinast i dag formiddag. Ut frå gjennomgang av situasjonen i vårt område er det ikkje lenger grunn til å vere i gul beredskap knytt til ekstremværet Gyda. 

Heldigvis har det vore roleg etter forholda og i mindre grad har det oppstått utfordringar. Vi kjenner til at personell har måtte endra på vakter, og at det har vore litt ferjeproblematikk både i Nordfjord og Indre Sogn. Det har ikkje medført konsekvensar for Ø-hjelp. Nokre transportar er blitt forskyvd i tid. Data og telefonsamband har fungert greitt, og det har ikkje vore problem med straumforsyning til våre lokasjonar. Det har heller ikkje vore overfløyming ved institusjonane våre.

Gjennomgang av beredskapsrutinar har vore nyttig for organisasjonen. 

Det kan bli ein del vind i løpet av søndag med stor sjanse for storm og orkan ved Stad og i høgfjellet. NVE minner om at det dei næraste dagane kan vere fare for m.a. jordskred og nedfall av stein. Beredskapsleiinga vil monitorere situasjonen og ev. sette i verk nye tiltak dersom det er nødvendig.