Hos Helse Førde kan du parkere gratis

Som pasient eller pårørande kan du parkere gratis ved Helse Førde sine institusjonar. Ved Førde sentralsjukehus blir det innført parkeringskontroll. Ved feil parkering kan du få eit parkeringsgebyr.

​- Følg skilt og oppmerking så vil du framleis parkere gratis hos oss. Helse Førde er ein beredskapsorganisasjon, og vi må tenkje sikkerheit i alle ledd. Vi blir urolege når vi ser at feilparkerte bilar stadig gir oss utfordringar. Risikoen for eit parkeringsgebyr kan vere den motivasjonen vi treng for å bruke nokre ekstra minutt på å parkere rett, seier direktør for drift og eigedom, Helge Robert Midtbø.

  
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande. 

Innføring av parkeringskontroll frå 1. april

Heile området til Førde sentralsjukehus har særskilde krav til framkome og sikkerheit. Difor må sjukehuset ha god orden og regulering av køyretøy som står parkert på området. Dette vil sikre at viktige funksjonar som ambulanse, andre utrykkingsbilar, vareleveransar, besøkande får uhindra tilgang til sine ærend. Byggeaktiviteten som tek seg opp framover no vil òg krevje ekstra reguleringar til tider.

Parkering ved Førde sentralsjukehus

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar framfor hovudinngangen. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:

Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet.
Kortidsparkering: Ved hovudinngangen til sjukehuset  er det parkering for av- og påstiging, maks 15 minutt.

2021-04-21_Parkeringsplan.jpg

Parkeringsplan ved Førde sentralsjukehus


Bruk av ladepunkt

På Førde sentralsjukehus er det sett opp elleve (11) ladepunkt for el-bil. Køyretøy kan berre stå der under lading.

Parkeringsgebyr ved feilparkering

Feil parkering som kan medføre parkeringsgebyr:

  • Parkering lenger enn 15 minutt på korttidsparkering.
  • Parkering på handikap eller reserverte parkeringsplassar utan oblat/løyve.
  • Parkering utanfor oppmerka plassar.
  • Parkering i ladepunkt utan tilkopling til straum.
  • Parkering på skraverte felt.

Storleiken på parkeringsgebyret

Feilparkering: Kroner 600,-
Ugyldig parkering: Kroner 900,-
Feilparkerte køyretøy kan bli fjerna på eigar si rekning

Rett til å klage på parkeringsgebyr

Har du fått eit parkeringsgebyr etter § 36 eller fått køyretøyet ditt fjerna etter § 38 i parkeringsforskrifta, og meiner at parkeringsgebyret er urimeleg eller feil, kan du klage til Helse Førde. Kan du synleggjere dette med foto eller anna dokumentasjon som styrkjer saka di, er det viktig at du legg dette ved klagen.

Send klagen på e-post: parkering@helse-forde.no
eller per post til: Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde

Du får svar på klagen din innan tre (3) veker.