Høgaktuelle tema på årets kvalitetskonferanse

Prioritering og samval, får vi det til?

​Spørsmålet blir stilt på årets kvalitetskonferanse for helsetenestene i Sogn og Fjordane. To av dei heitaste tema innanfor pasientbehandling blir sett på dagsorden i Førde 17. oktober.

I ei tid der nye og svært dyre medikament blir utvikla og teke i bruk, har prioriteringsdebatten blitt ein av dei vanskelegaste og mest kontroversielle i helsevesenet. I tillegg skal pasienten sjølv ta større medansvar for eiga behandling. Eller som helseminister Bent Høie har proklamert det: - Inga avgjerd om meg utan meg.

Kvalitetskonferansen 2018 utklipp.JPGStatssekretær Anne Grete Erlandsen skal snakke om prioriteringar i helsesektoren. Stener Kvinnsland, overlege, professor og tidlegare adm. dir. i Helse Bergen skal prøve å svare på spørsmålet om vi får til prioritering og samval. Helse Førdes eigen fagdirektør, Kristine Brix Longfellow, har fått i oppgåve å snakke om kor vidt samval er reellt og om det er til beste for pasienten.

Målgruppe er tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta  og elles andre som er engasjerte i kvalitetsarbeid og tema for konferansen.

Konferansen er lagt til Førdehuset, og du kan lese heile programmet her: Kvalitetskonferansen 2018.pdf

Velkommen til årets kanskje mest spennande helsekonferanse i Sogn og Fjordane!