HELSENORGE

Hjerneslag? Ring 113!

Plutseleg vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

Syklist med hendene opp.

Hjerneslag oppstår plutseleg og kvar som helst, og kvart år får rundt 12 000 personar hjerneslag berre i Norge. Alle kan hamne i ein situasjon der det er avgjerande å kjenne att symptoma på hjerneslag og veit kva du skal gjere.

Om nokon plutseleg får problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet, må du ringe 113 så fort som mogleg.

Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandlinga av hjerneslag. Dei kjenner ikkje att symptoma og venter for lenge med å kontakte helsetenesta.

Kvart sekund tel

Om den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling i sjukehus er sjansen større for å unngå varige skadar.

Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringe 113 fordi dei er usikre på om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å vere til bry.

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringe 113 om du er i tvil – det er jobben deira å vurdere situasjonen din. Ring heller 113 ein gong for mykje enn ein for lite.

Lær deg symptoma – redd liv!

I Helse Vest jobbar vi for at innbyggjarane på vestlandet skal kjenne til symptoma på hjerneslag og vite at dei skal ringe 113 med ein gong ved mistanke. Difor har vi jamlege informasjonskampanjar for å minne om det viktige bodskapet. I perioden 9. april til 29. april set vi temaet på dagsorden igjen. Denne gang i sosiale media.

Vi håpar du vil vere med å spreie det viktige bodskapet og hjelpe oss med å redde liv.