Hjelp oss å førebyggje smitte

Helse Førde treng hjelp frå deg som er pasient eller pårørande til å halde koronaviruset vekke frå sjukehuset. Folkehelseinstituttet har kome med nye råd for å førebyggje smitte i norske sjukehus.  Les meir om kva du bør gjere.

​Helse Førde har sterkt fokus på arbeidet med smittevern, men vår innsats åleine er ikkje nok til å halde sjukehusa våre virusfrie.

Har du dei siste 14 dagane vore på reise i område der koronaviruset er påvist? Har nær familie eller vener av deg vore på slik reise?

I så fall ber vi deg tenkje over følgjande:

Har du planlagt sjukehustime eller operasjon?

Du skal ikkje møte opp til timen din før du har kontakta sjukehuset på telefon 57 83 04 21. Opplys om kvifor du meiner det kan vere smitterisiko, og følg dei råda du får frå sjukehuset. Kanskje skal avtalen din utsetjast.

Er du pårørande og skal besøke eller følgje nokon som er pasient?

Tenk over om det er absolutt nødvendig å komme inn til sjukehuset. Kanskje er det like greitt å sende ei helsing til den du ville besøkje? Ring sjukehuset på førehand dersom du er i tvil. Bruk same nummer som ovanfor: 57 83 04 21.

Merk at desse smittevernråda også omfattar alle studentar, hospitantar eller andre som utfører arbeid inne på sjukehusa våre, og som kan ha hatt kontakt med smitten. Våre råd om smittevern er i tråd med oppdaterte, nasjonale råd frå Folkehelseinstituttet.

Takk for at du hjelper oss med å redusere smittefaren. Hugs at få blir svært sjuke av dette viruset, men at det er dei som alt er sjuke eller skrøpelege som er mest utsett ved smitte.

Helse Førde følgjer dei oppdaterte råda som ligg ute på  Folkehelseinstituttet sine nettsider, og oppmodar alle andre om å gjere det same.