Historisk vedtak i Helse Førde

Styret i Helse Førde har godkjent planane for utbygging og modernisering av Førde Sjukehus. Som bygningsprosjekt er Nye Førde sjukehus det største i fylket sidan sjukehuset vart bygt i 1979.

- Etter ein lang og grundig planleggingsprosess, er det gledeleg for styret å vedta oppstart av byggearbeidet gjennom investeringsvedtaket i dag. Vi vil få eit moderne og brukartilpassa sjukehus, som er heilt nødvendig for å yte tenester av god kvalitet til innbyggarane i Sogn og Fjordane i framtida, seier styreleiar Agnes Landstad.

2018-11-23_Styremøte Arve Varden_Agnes Landstad_Kjell Inge Solhaug_web.jpg

EIN GLEDENS DAG: Administrerande direktør Arve Varden, styreleiar Agnes Landstad og prosjektdirektør Kjell Inge Solhaug.

Eit nøkternt og godt prosjekt
Kostnadsramma er på 1,64 milliardar kroner, og reflekterer eit nøkternt og klokt prosjekt. Føretaket har allereie fått tilsegn om lån i statsbudsjett for 2017. Endeleg investeringsgodkjenning gjer eigaren Helse Vest RHF i desember. Helse Førde er sjølv byggherre for prosjektet, som skal vere ferdig i 2027.
Nye Førde sjukehus blir finansiert gjennom lånemidlar løyvd av Stortinget
Nye Førde sjukehus vert finansiert av lånemidlar frå Helse og omsorgsdepartementet (HOD) og eigenfinansiering. Lånet frå HOD utgjer 70 prosent, medan 30 prosent vert eigenfinansiert i byggefasen. I perioden 2019-2022 er byggeaktiviteten høgare enn føretaket klarer å dekke gjennom eigen økonomi. I desse åra vil føretaket få eit mellombels lån av Helse Vest RHF, som blir betalt tilbake i perioden 2023-2025.

Utbygging utan strukturelle endringar i helsetenestene i fylket
Dei økonomiske konsekvensane av investeringane i byggeprosjektet er berekna i føretaket sitt langtidsbudsjett. Føretaket har i dag evne til å bere renteutgifter og avdrag, samstundes som drifta er forsvarleg. Helse Førde har økonomi som gjer dette prosjektet mogeleg, samstundes som det er laga ein heilskapleg plan for drift og vedlikehald av alle sjukehusbygg i fylket.

Moderne og brukartilpassa sjukehus
For Helse Førde er byggeprosjektet heilt nødvendig for at Førde sjukehus i framtida skal kunne gje folk i fylket spesialisthelsetenester med den same gode kvaliteten som elles i landet. 

Byggeboom i Helse Vest
Helse Fonna sitt nye sjukehusbygg i Haugesund er på 30 000 kvadratmeter. I tillegg skal 6000 kvadratmeter av dagens Haugesund sjukehus byggjast om. Kostnadsråma er på vel 3 milliardar kroner. Ferdig i 2030.
Helse Stavanger skal bygge eit heilt nytt sjukehus på 100 000 kvadratmeter, eit areal tilsvarande 14 fotballbaner. Kostnadsråma for byggeprosjektet er på 8,5 milliardar kroner. Ferdig i 2023.
Helse Bergen er i ei særstilling med sine årlege investeringar på rundt 1 mrd. i sjukehusbygg. Der Barne- og ungdomssjukehuset og Marie Joy’s hus er nokre av byggeprosjekta.
Byggeprosjektet i Helse Førde gjev Førde sjukehus 11 000 nye kvadratmeter og ombygging av ca. 40 000 kvadratmeter. Ferdig i 2027.