Helseministeren til kvalitetskonferanse i Førde

Helse- og omsorgsminister Bent Høie kjem til kvalitetskonferansen i Helse Førde kommande torsdag. Tema for årets konferanse er «Dersom pasienten fekk bestemme».

​Utvikling av pasientens helseteneste går att som ein raud tråd på konferansen.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie har gjort det til sitt prosjekt å skape pasientens helseteneste. Pasientane skal få større påverknad. Helsetenesta skal i større grad innrette seg etter behova pasientane har. Målet er å setje pasienten i sentrum, få ventetidene ned og kvaliteten opp.

Rekordpåmelding

I framlegget til ny nasjonal helse- og sjukehusplan er pasientens helseteneste eitt av sju satsingsområde, og det er nett den nye planen Høie kjem til Førde for å snakke om. Statsråden har tidlegare vore sitert på at det å seie at vi skal skape pasientens helseteneste er lite kontroversielt, men at det fort blir vanskeleg når vi skal gjere det.

Over 400 er så langt påmelde til konferansen i Førdehuset.

- Dette er rekord, men vi har framleis plass til fleire. Vi meiner at tema for årets konferanse har interesse langt utanfor sjukehusa og spesialisthelsetenesta, seier leiar i programkomiteen, Kari Anne Indrebø.

Så godt som råd

Den tidlegare politimannen Per Skaugen Bleikelia blei tilsett som direktør ved Ringerike sykehus for  fem år sidan. Bleikelia har fått ei rekkje leiarprisar, og er også ein mykje brukt debattant i offentlege ordskifte. Hans filosofi, kjend som «Bleikelia-modellen», går ut på å leggje til rette for at møtet mellom pasienten og behandlaren blir så godt som råd. I Førde skal han snakke om å leie sjukehus mot høgare kvalitet og rett ressursbruk.

I beste meining

På konferansen deltek også Eilert Jan Lohne. Den tidlegare Ap-politikaren i Bergen har blitt 50 prosent invalid etter ein serie operasjonar på ulike behandlingsinstitusjonar gjekk feil. Lohne har sjølv stått fram med si pasienthistorie i Bergens Tidende. Han blei psykisk sjuk av skadane helsevesenet påførte han, og ba til slutt om å bli tvangsinnlagd på psykiatrisk klinikk i Helse Bergen.

Også fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde er mellom innleiarane. Tittelen på hans føredrag er «Alt vart gjort i beste meining, men..».

Konferansen finn stad i Førdehuset torsdag 20. oktober mellom 08.30 og 15.30. Konferansen er gratis for tilsette i Helse Førde. Deltakaravgifta er elles 1000 kroner, men studentar slepp med halve prisen.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​