HELSENORGE

Helseinnovasjonskonferansen 2022: - Enormt engasjement

Fyrste veka i februar var Helse Førde ein av hovudarrangørane for Helseinnovasjonskonferansen 2022. Alt tyder på at det vart ein god oppleving for mange av dei rundt 500 deltakarane - for aktiviteten på konferanseplattforma var høg frå start til slutt.

- ​Eg synest dette har vore heilt fantastisk og over all forventning. No kviler det eit ansvar på oss som ein av hovudarrangørane, til å følgje opp det vi har vore vitne til desse to dagane, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.

tre personar som står ved eit bord, i bakgrunnen ser vi eit kamerateam som arbeider

Helseinnovasjonskonferansen 2022: f.v Anne Mette Hjelle, Arve Varden, Gro Rukan. 

Konferansen gjekk digitalt, og baud på over 30 foredragshaldarar frå privat og offentleg sektor, akademia og investormiljø.  

Programmet gav innblikk i noko av det som skjer innan helseinnovasjon i Noreg i dag, og kva utfordringar og moglegheiter vi har framfor oss.


Offentleg-privat samarbeid - same mål​, men ulik takt?

Eit sentralt tema var samarbeid mellom privat og offentleg sektor. Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Norge, gav innsikt i nokre av utfordringane vi står overfor når det gjeld samarbeid om helseinnovasjon:

- Offentleg sektor er utrygge i møte med kommersielle selskap, og manglar god nok kjennskap til regelverka for anskaffingar. På bedriftssida er det ofte låg kunnskap om helsetenesta, og dei kan gå inn med urealistiske forventingar om kva deira løysinger kan bidra med i eit så samansett system som helsetenestene er.

Nettopp difor er det viktig at vi møter kvarandre tidleg, så vi kan lære av kvarandre og koordinere samarbeidet godt.

Dette er òg tanken bak Helseinnovasjonskonferansen; det skal vere ein møteplass på tvers av sektorar, der ein skal kunne bygge nettverk og dele kompetanse og erfaring. Konferansen vart i år arrangert for tredje gong, med e-helse Vestland og åtte andre medarrangørar* med på laget.


Mykje meir enn ein strea​m

Dei påmeldte deltok på konferansen via ei digital plattform, som la godt til rette for nettverksbygging og mingling. Det var mogleg å chatte, booke 1:1-møte, delta i temapratar og gå på bedriftsbesøk. Heile 55 bedrifter innan innovasjon og tenesteutvikling var representert på digital stand.

- At det totalt vart booka over 100 møte, og at felleschatten vart nesten 10 meter lang, var meir enn vi hadde tort drøyme om, fortel Gro Rukan, innovasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Tone Skår, avdelingsleiar i Norwegian Smart Care Cluster Vestland, fortel om eit unikt engasjement:

- Etter to år med pandemi har eg vore på mange digitale webinar og konferansar. Dette er utan tvil den aller beste. Spissa innlegg, variasjon i formidlingsform, og engasjement i den digitale samhandlinga skiller seg ut, både på konferansen i 2021 og no i 2022. Eg gler meg allereie til neste år, og vi i NSCC ynskje å satse på denne viktige møteplassen!

Helse Førde er stolte av å ha etablert ein relevant møteplass som trekkjer deltakarar frå heile landet og frå ulike sektorar.

Konferansen er årleg, og saman med gode medarrangørar skal vi halde fram med å utvikle den vidare. Målet er å kunne tilby ein relevant arena der ulike fag og folk kan møtast kvart år, så vi saman kan finne nye løysingar for helsesektoren.


Vil du motta informasjon om Helseinnovasjonskonferansen 2023? Registrer deg her.

Opptak av årets konferanse finn du her: Helseinnovasjonskonferansen 2022

*øvrige medarrangørar på Helseinnovasjonskonferansen 2022 var: Norwegian Smart Care Cluster, Kunnskapsparken Vestland, Sunnfjord Utvikling, Høgskulen på Vestlandet, Noregs Forskingsråd, NHO, Innovasjon Noreg og KS.

bilete av ein dataskjerm. I bakgrunnen ser vi tre personar

fire personar som sit framfor ein tv-skjerm og diskuterer


ei blid kvinne i blå kjole med mikrofon