Helseatlas: Store variasjonar i rusomsorg og psykisk helsevern

Kvar du bur i landet avgjer kva helsehjelp du får mot rusliding og psykiske plager. Helse Førde lanserer no eit helseatlas som viser store variasjonar i behandlinga folk i Norge får mot desse lidingane.

Helseatlas psykisk helsevern og rusbehandling innheld mykje informasjon om innbyggarane sin bruk - og variasjon i bruk - av psykisk helsevern, avtalespesialistar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Det nye helseatlaset er nummer ni i rekka, og er det første som omhandlar lidingar som ikkje er somatiske (kroppslege).

Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling er laga av Helse Førde på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og blir lansert av statsråd Bent Høie onsdag 10. juni. Atlaset er i stor grad basert på data frå Norsk pasientregister (NPR) i perioden 2014 – 2018.

Marte Bale helseatlas 2020 1.jpg

STORE VARASJONAR: Helseatlas-teamet i Helse Førde, leia av Marte Bale (bildet), har funne store og uønska variasjonar i helsehjelpa innan psykisk helsevern og rusbehandling.

Blant funna i det nye helseatlaset er at kva behandling pasientane innan dette feltet får, varierer alt etter kor i landet dei bur. Denne variasjonen er særleg stor for vaksne ruspasientar. Ved rusliding og alvorleg psykisk liding hos vaksne (18-65 år) var variasjonane i bruk av poliklinikk og døgnopphald store og uønska: Folk på det sentrale austlandsområdet brukar tenestene mest, medan Nord-Norge og deler av Vestlandet brukar dei minst.

Vi fann buområde med utstrekt bruk av poliklinikk for pasientgruppene. Vaksne og eldre i Oslo brukar med klar margin mest poliklinikk. Det ser ikkje ut til at mindre bruk av poliklinikk i andre deler av landet blir kompensert for gjennom meir døgnbehandling i institusjon.

- Vi kan såleis ikkje seie at tenestene er likeverdig fordelt. Variasjonen i bruk av tenestene er store og uønska, både når vi ser på eldre samla eller ser på eldre med rusliding og eldre med alvorleg psykisk liding kvar for seg, seier Marte Bale, leiar for gruppa i Helse Førde som har utarbeidd det nye helseatlaset.

 Det nye helseatlaset gjev altså eit unikt oversyn over innbyggarane sin bruk av helsetenester innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, og kan vere eit nyttig verktøy og grunnlag for å avgjere retninga i framtidig helsefagleg utvikling og helsepolitikk. Atlaset er eit utgangspunkt for å forstå variasjonane i helsehjelp og konsekvensane av desse, og gjev eit bilde på kor vi står i arbeidet mot målet om likeverdige helsetenester – uansett alder, kjønn og adresse.

- Vi er glade for å endeleg kunne lansere eit helseatlas med psykisk helsevern og rusbehandling som tema. Vårt håp er at dette blir ein nyttig kunnskapsbase for alle som arbeider inn mot desse helsefaglege områda, og også for beslutningstakarar og politiske aktørar i norsk helsevesen, seier Marte Bale.

Helseatlas psykisk helsevern og rusbehandling er tilgjengeleg på www.helseatlas.no.

Pressekontakt: Marte Bale, mob. 971 25 969.