Helse Vest sa ja til Nye Førde sjukehus

Styret i Helse Vest godkjente tysdag utbyggings- og moderniseringsprosjektet i Helse Førde. Styret i regionføretaket er positive til både prosjektet og planen for gjennomføringa.

​- Dei gode tilbakemeldingane eigarane våre gjev oss i dette vedtaket, styrkjer prosjektet, seier administrerande direktør Arve Varden. - Dette er ikkje berre eit byggeprosjekt. Det er òg eit organisasjonsprosjekt, der føretaket skal utvikle tidsriktige og brukartilpassa spesialisthelsetenester, parallelt med at vi byggjer. Dette har eigarane våre merka seg.

2018-12-11_Fraa HelseVest sitt styremøte.jpg

GOD STEMNING:  F.v. Gunnar Berge, Tove Berntsen Steinvåg, styreleiar Einar Strømsvåg, administrerande direktør Herlof Nilssen. I høgre biletkant, Katrine Trovik og Olin Johanne Henden.

Gav endeleg investeringsgodkjenning i dag

Nye Førde sjukehus vert finansiert av lånemidlar frå staten (Helse og omsorgsdepartementet) og eigenfinansiering. Lånet frå HOD utgjer 70 prosent, medan 30 prosent vert eigenfinansiert av Helse Førde i byggefasen.

Planane for utbygging og modernisering av Førde sjukehus

Som bygningsprosjekt er Nye Førde sjukehus det største i fylket sidan sjukehuset vart bygt i 1979.
Kostnadsramma er sett til 1,6 milliardar kroner i 2018 kroner.
Helse Vest-styret gav uttrykk for ei positiv utvikling i føretaket, og dei har von om at dette vedtaket vil bidra positivt også i tida framover. Nye Førde sjukehus vil sikre pasientane ein endå betre kvalitet på tenestetilbodet i framtida. 

Utbygging utan strukturelle endringar i helsetenestene i fylket

Slik økonomien i føretaket ser ut i dag, har Helse Førde evne til å bere kommande renteutgifter og avdrag, samstundes som drifta er forsvarleg. Helse Førde har økonomi som gjer dette prosjektet mogeleg, samstundes som det er laga ein heilskapleg plan for drift og vedlikehald av alle sjukehusbygg i fylket.