Helse Vest sa ja til Livabygget

Styret i Helse Vest har i ettermiddag godkjent utbyggingsløysinga for Nye Førde sjukehus. Vedtaket inneber at styret gjev grønt lys for Livabygget, nybygget for somatikk.

Nye Førde sjukehus - Livabygget 02.09.2020.JPG

Slik skal nybygget for somatikk sjå ut. Bygget vert vendt nedover mot Førde sentrum. Svanabygget (høgblokka) bak til høgre.

I vedtaket godkjenner Helse Vest ei ny utbyggingsløysing med ei samla kostnadsramme på 1,873 milliardar kroner. I tillegg til Livabygget og framtidig ombygging i Svanabygget (høgblokka), ligg nybygget for psykisk helsevern, flaumsikring og ei rekkje andre små og større tiltak inne i denne summen.

Åtte etasjar

Livabygget blir største delprosjektet i det store moderniseringsarbeidet som pågår ved Førde sentralsjukehus. Det er også det mest krevjande når det kjem til kompleksitet og teknologi.  

Nybygget vert i åtte høgder, og vil mellom anna innehalde nye operasjonsstover med observasjonspost og oppvakning, samt ny sengepost for føde- og barsel og for barn. Pasientane vil få nye sengerom basert på prinsippet om einerom. Livabygget vil i tillegg styrke viktige støttefunksjonar som ny sterilsentral. 

 Samrøystes vedtak

Tilbodsprisen for Livabygget utgjer 680 millionar av kostnadsramma på 1,873 milliardar. For å sikre at Helse Førde kan handtere kostnadene med Førde-utbygginga, vil Helse Vest at det blir laga ein plan for korleis kostnadene kan reduserast med 70 millionar kroner.  

På styremøtet vart det gitt ros til Helse Førde for å ha hatt ein prosess som har sikra brei forankring i organisasjonen.

Vedtaket i styret for Helse Vest var samrøystes. Helse Førde håpar å starte bygginga av Livabygget etter påske.

Her er lenke til styresaka i Helse Vest.