Helse Førde utan internett ein kort periode

Det oppsto problem med nettverksfeil ca. klokka 13.15 i dag 7. januar. Klokka 15.00 var problema løyste og normal drift oppretta. Det er ikkje meldt andre konsekvensar for pasientane våre enn noko lengre ventetid.

IKT problema var knytt til ekstern trafikk gjennom internett, og førte til ei rekkje følgjeproblem for alle føretaka i Helse Vest og også Helse Førde sine viktige interne system. Utfallet av internett skuldast ikkje ytre angrep.

Helse Førde sette i verk den beredskapen som er vanleg ved slike hendingar.