I Helse Førde pågår no et omfattande arbeid med å avgrense spreiing av viruset inne på sjukehusa. Dette er det første registrerte tilfellet av koronasmitte blant tilsette i helseføretaket.
Aktiviteten til vedkommande med påvist smitte blir no kartlagt tilbake i tid, både med omsyn til kontakten vedkommande har hatt med pasientar, kollegar og andre. Den tilsette som dette gjeld har hatt lette symptom den siste tida.
- Dette er eit omfattande arbeid, , seier seksjonsleiar for pasienttryggleik og smittevern i Helse Førde, Kari Holvik Furevik. – Vårt fokus er heile tida å hindre at så mange tilsette i kritiske stillingar blir berørt og må ut i karantene, slik at det kan gje utfordringar for viktige funksjonar i sjukehusa.
I samband med dette arbeidet er kring 60 personar vurdert i forhold til smittefare og karantene, og så langt er 19 av desse altså ilagt slik heimekarantene. Når det gjeld testing for viruset, er retningslinene slik at ingen tilsette i Helse Førde blir testa dersom dei er symptomfrie.
For øvrig er den generelle smittevernberedskapen i Helse Førde no på eit ekstraordinært nivå, og vi ser at tilsette i organisasjonen forstår og rettar seg etter den rådande situasjonen.
Pr. tysdag 17. mars er det framleis ingen koronasmitta personar som har hatt behov for behandling på sjukehus i Helse Førde.