Helse Førde skårar høgt på kvalitet

Helse Førde endar topp tre på halvparten av kvalitetsindikatorane som blei offentleggjort for norske sjukehus i september. Helse Førde har, eller deler, førsteplassen på heile 26 av 63 indikatorar føretaket har resultat på.

​- Eg ser dette som eit døme på at vi jamt over leverer tenester med god kvalitet, seier administrerande direktør Arve Varden.

Helseføretaket skårar svært godt på dei alle fleste indikatorane innan psykisk helsevern. Men også på det somatiske området hevdar føretaket seg mellom dei beste i landet, og kan vise til svært gode resultat både på kreftbehandling og postoperative infeksjonar. Også innanfor den akuttmedisinske kjeda leverer Helse Førde, og er mellom anna på tredjeplass i oversynet som viser kor mange pasientar som fekk vellukka gjennoppliving etter hjartestans.

Helsedirektoratet publiserer resultat frå ulike nasjonale kvalitetsindikatorar gjennom året. Alle helseføretak og ein del private institusjonar med avtale er med i målingane. Tanken er å gje brukarane informasjon om kvaliteten på helse- og omsorgstenestene.

I statistikkane som blei offentleggjort no i september har Helse Førde 26 førsteplassar, fire andreplassar og fire tredjeplassar. Føretaket endar altså topp tre på over halvparten av indikatorane.

Også i 2017 gjorde Helse Førde det svært godt. Gjennom året blei føretaket målt på 113 nasjonale  indikatorar. Resultatet blei 33 førsteplassar, sju andre- og like mange tredjeplassar.

- I gleda over dei gode resultata skal vi også hugse på at der er område vi gjerne skulle hatt betre resultat. Dei må vi ta tak i og jobbe med. Indikatorane gjev oss viktige signal om område der vi må sjå på kvalitetsstyring og –forbetring, seier Varden.

Her finn du meir om indikatorane som er presenterte no i september.

Du kan lese meiner om dei nasjonale kvalitetsindikatorane ved å følgje denne lekkja.